Sport | 15. nov. 2014

Lurte Stryn opp i stry

Os snudde kampen - tre gongar - og tok ein suveren siger, den tredje i rekka.

Lurte Stryn opp i stry
Tonje Hjertnes skåra fem mål i dag, blant anna på denne fine lobben. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. nov. 2014 19:16

Bildeserie:

Malin H. Berentsen sette det første Os-målet og til saman fem i kampen.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Malin H. Berentsen sette det første Os-målet og til saman fem i kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Malin L. Fosen reduserte til 3-5.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Malin L. Fosen reduserte til 3-5. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marte Øvreeide utlikna til 5-5.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marte Øvreeide utlikna til 5-5. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Elise Hjelle sette inn 6-5 frå 7-meteren.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Elise Hjelle sette inn 6-5 frå 7-meteren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vibeke redda straffe i 2. omgang. Stryn sette ingen av sine to frå 7-meteren.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vibeke redda straffe i 2. omgang. Stryn sette ingen av sine to frå 7-meteren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vilde Brattabø er tilbake etter over eit år med skade, og skåra to.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vilde Brattabø er tilbake etter over eit år med skade, og skåra to. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

Damelaget til Os tok i dag imot Stryn til 8. serierunde.

Heimelaget fekk ein tøff start, låg under 0-4, leia 6-5, hamna under 7-11 og utlikna til pause.

Også i andre omgang skåra gjestane først, men frå 14-14 skåra Os 11 mens Stryn skåra 2 mål.

Os - Stryn 27-20 (11-11)
Målskårarar, Os: Elise Hjelle 6, Tonje Hjertnes 5, Malin Hjelle Berentsen 5, Hilde Kristine Røttingen 4, Marte Øvreeide 2, Vilde Brattabø 2, Malin Lunde Fosen, Mona Stigen og Caroline Cook Fjellanger.
2. min: Stryn 1 og Os 1 (Caroline Cook Fjellanger).

– Vi blei for utålmodige i angrep i første omgang. I andre omgang blei vi endå betre i forsvar samtidig som vi blei meir disiplinerte framover.

– I tillegg framsto vi som betre trent siste del av kampen, seier trenar Gitte Torp, med ei noko overraska mine.

Os starta praktisk talt oppkjøringa ved sesongstart, men ser no ut til å vera i storslag.

Best og verst frå 7-meteren

Malin Hjelle Berentsen skåra kampens første Os-mål og Elise Hjelle blei sørgja for at gapet ikkje blei for stort med tre skåringar frå 7-meter av tre moglege i første omgang.

Stryn fekk to straffar, begge i andre omgang, den eine skaut dei over, den andre redda Vibeke Ingebrigtsen. Vibeke var god for start og blei betre og betre utover i kampen. I 2. omgang sørgja ho og eit godt forsvarsarbeid for at det blei fleire kontringar og sjansar på kontring.

På stillinga 23-16 kunne Os knust til og tatt ein tosifra siger, men missa på fem kontringar på rad. Det gjekk nesten 9 minutt å auka til 25-16.

Turbo-Tonje

Mens Malin og Elise sto for mykje av innhentinga i starten på kampen var Tonje, som kom innpå mot slutten av første omgang, meir sentral rett før og etter pause.

Då Os gjekk frå 8-11 til 13-13 skåra Tonje 4 av 6 mål, mens Malin skåra dei 2 andre.

Bra comeback av Brattabø

Vilde Brattabø, som skadde seg i september 2013, spelte i dag sin første kamp med 2. divisjonslaget.

Ho kom rett innpå mot slutten av 2. omgang og sette inn 2 mål og hadde 3 målgjevande pasningar.

– Det var veldig kjekt å sjå, og kjekt for ho å koma tilbake på denne måten, seier Gitte, nøgd med snuoperasjonane og tredje siger på rad.

Sigeren smakte nok ekstra godt, for i kveld skal spelarane ha fest med laget.

Os speler neste kamp på bortebane mot botnlaget NHHI om ei veke.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.