Brynjar, Frode, Rolf, Kjell Morten og Gunnar frå '78-laget ønskjer dagens finalistar lykke til. (Foto: Andris Hamre)

Lykkeønske frå 1978-finalistane

Dei spelte Norway Cup-finale for 39 år sidan. No håper dei at dagens Os-ungdom ikkje blir hindra av ei forfattar-spire.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag speler Os G17 finale mot Sotra i Norway Cup (A-sluttspel). Finalen, som skulle ha starta klokka 15.50, men er cirka 30 minutt forseinka, blir sendt direkte på TV2 (eller TV2 Sumo, går ikkje tydeleg fram på sendeskjema).

Er du vekke frå TV kan du lesa høgdepunkt på Midtsiden gjennom kampen.

– Dette er stort, både for klubben og for gutane, eg håper verkeleg dei griper sjansen, seier Frode Heggland, far til Åsane-spelar Fredrik Heggland og del av laget frå 1978.

I skrivande stund er han og fleire frå laget, Rolf Matre, Brynjar Øvstedal, Gunnar Takle Pedersen og Kjell Morten Søvik, på Os sin heimebane, Kuventræ, og ser A-laget leia 5-1 (3-0 etter 13 minutt) over Stord i opninga på haustsesongen.

Historisk: Det er, så vidt Midtsiden og 78-finalistane kjenner til, ingen frå Os Fotball som seinare har kome til finalen i eit A-sluttspel i Norway Cup. Før i dag.

– Det har vore fleire gode prestasjonar, og eit par semifinalar. Eg steppa inn som coach for nokre år sidan, det laget eg leia då rauk på straffekonk i kvartfinalen for Lørenskog.

Jo Nesbø seinka Os i '78

Sist Os spelte finale i Norway Cup var i 1978. Heggland var back på laget som måtte sjå seg slått av Molde.

– Vi blei knust 4-0, eg håper dagens Os klarer seg betre. Ikkje ukjente Jo Nesbø var kaptein og skåra to eller tre av måla til Molde, fortel Heggland (far til Åsane-spelar Fredrik Heggland).

Etter det Midtsiden kjenner til var det likevel Heggland som fekk premie for banens beste spelar i finalen. Premien var ein klokkeradio (!).

– Nesbø var eit stort talent, men skadde seg vinteren etter, og sette seg ned for å skriva bøker. Det gjekk jo bra det òg.

Heggland ramsar opp laget som spelte finalen 1978: Brynjar Øvstedal (keeper), Frode Heggland, Gunnar Takle Pedersen, Jan Terje Lund, Rolf Matre, Stig Osebakken, Ståle Øvreeide, Tore Borgen, Kjetil Tysseland, Rune Bjørø, Carl Petter Martinsen og Kjell Morten Søvik.

– I ettertid har det vore både kjekt å ha spelt ein finale og irriterande å ikkje ha gjort det betre. Det er jo ei historie som dukkar opp år etter år, når vi snakkar fotball, du har det med deg resten av livet. Eg håper dagens Os-juniorar får ei flott oppleving, og at dei tar denne finalen i land!

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.