Lokal | 09. juli 2011

Lykketreff med «lykkebåten»

Naturfotografane Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde skulle på jomfrutur med ny båt - og hamna midt i ein flokk med grindkval.

Lykketreff med «lykkebåten»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. juli 2011 19:05

Bildeserie:

1 av 3

– Dette må vera ein lykkebåt, konkluderer Liv-Randi Lind etter dagens kvalsafari på Bjørnefjorden.

Fredag henta ho og ektemannen Oddmund Lunde ny båt i Askvik, ein Askeladden P66 Weekend.

I dag var dei to naturfotografane ute på jomfruturen og på veg heim frå besøk hos slektningar på Tysnes hamna dei midt i ein stor flokk med grindkval.

– Det var heilt fantastisk, sikkert 30-40 dyr, og dei kom veldig tett på, seier Oddmund.

Grindkval kan bli 6 meter lang og 3 tonn tung.

– Reint lykketreff

Onsdag skreiv BT.no om ein stor flokk med grindkval i Austevoll, torsdag fekk Midtsiden tips om at flokken var mellom Reksteren og Øyane. Underteikna reiste ut med båt torsdag kveld, men fann ikkje flokken.

I dag, på veg til Halhjem frå Våge, møtte Midtsiden flokken, og fotografane, som ikkje hadde høyrt om dei ferske observasjonane.

– Nei, vi hadde ikkje fåt med oss at det nyleg var observert grinkval her, så dette var eit reint lykketreff.

Spekkhoggar neste

Liv-Randi og Oddmund følgte flokken med grindkval frå området mellom Vernøyane og Bjørnatrynet og innover Bjørnefjorden.

– Vi kjørte etter dei i rundt 30 minutt. Flokken hadde retning Fusa/Strandvik då vi sa oss nøgd.

No håper naturfotografane på fleire liknande opplevingar med den nye båten.

– Dette er ein god heilårsbåt så den skal ikkje stå på land om vinteren. Neste art på ønskjelista blir spekkhoggaren, den er veldig fotogen, synes Oddmund.

Det blei blant anna observert spekkhoggar i Bjørnefjorden i mars i år og i mars i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.