Lysefjorden Mikrobryggeri, her under ølfestivalen i Oseana, vann kåringa i Bergen (foto: Andris Hamre)

Lysefjorden vann i Bergen

Lysefjorden Mikrobryggeri vann kåringa som Årets tradisjonsøl med «Slaget på Vågen». No er dei klare for finalen i Det Norske Måltid.

image
Av: Andris Hamre

Under mat- og ølfestivalen i Bergen i helga har ein smakt seg gjennom 25 produkt inkludert øl, og 8 kategorier har blitt vurdert i delfinalen i Bergen. No er det klart kva 10 produkt som går vidare til finalen.

Og eitt av dei er ølet «Slaget på Vågen» frå Lysefjorden Mikrobryggeri!

- Det har vore flott å vera tilstade på Bergen Matfestival Bønder i bydn. Dommarane har jobba grundig og nøyaktig under smakinga av dei 25 produkta som er med på denne delfinalen, seier prosjektleder Kristin Austigard. 

Her er dei som går vidare til finalen:

Årets sjømat villfanget: Ferske reker, Sirevaag AS, Rogaland, Sjøfrossen villfanget torskefilet, Ramoen AS, M-36 fabrikktråler, Møre og Romsdal, Ulkefilet, Domstein Sjømat AS, Rogaland. (Denne kategorien er ferdig vurdert i Bergen)
Årets sjømat foredlet: Gravet Regnbueørret, Leiren Laks AS, Hordaland
Årets det grønne – naturelle: Sjitne Gulerøde, J&J Wiig DA, Rogaland
Årets det grønne – foredlet: Plommesylte frå Hardanger, Lutro in Vitro, Hordaland
Årets kjøtt foredlet: Skinka frå Suldal, Fjellmat frå Suldal AS, Rogaland
Årets ost: Fjellgeit, Bo Jensen, Rogaland
Årets godbit: Lammebratwurst med pinnekjøtt, Røroskjøtt AS, Hedmark
Årets tradisjonsøl: Slaget på Vågen, Lysefjorden Mikrobryggeri, Hordaland

Juryleiar i Bergen var kokken Anders Rødseth Isager, med bakgrunn frå Gastronomisk Institutt og Norsk Sjømatsenter. Med var også kokk Hanne Frostad, kjøkkensjef ved Alvøparken Trude Norevik, og Adam Schive Bjerck frå Adams Matkasse.

Alle dei 33 finalistane i Det Norske Måltid 2015 er med i konkurransa om å bli Årets Matspire, ein pris som delast ut av Matmerk. Prisen består av tenester for å utvikle produktets merkevare og markedspotensial vidare og har ein verdi på 100.000 kroner.

Den store matgallaen og finalen blir i Stavanger fredag 8. januar 2016.

- Vi ønsker alle velkommen dit, og regner med fullt hus og stor stemning, så berre noter datoen allereie no, avsluttar Austigard.

Det Norske Måltid starta i 2008 og er no landets viktigaste matpris. Det Norske Måltid er eigd og driven av iPax Mat AS.