Joakim Helland (t.v.) og Martin Pedersen er klare for Lysekloster. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster IL)

Lysekloster har signert to nye spelarar

3. og 4. nysignering: Hentar midtbane og spiss frå SK Sotra og Vard Haugesund.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster er aktive på overgangsmarknaden og har no, ifølgje lysekloster.no, fått inn til saman fire nye spelarar.

Ny hovudtrenar Ruben Hetlevik har styrka stallen med Martin Pedersen (21) frå Bømlo og Joakim Helland (27) frå Sotra.

Angrepsspelar Pedersen har vore på banen for både Vard Haugesund og SK Sotra i år. Først fekk han 2 kampar med Vard Haugesund sitt A-lag i 2. divisjon, så 10 kampar med B-laget, der han skåra 5 mål. 

No går han på BI i Bergen og i haust spelte han for SK Sotra. Der blei det 5 kampar og 1 mål.

Midtbanespelar Joakim Helland er frå Sotra, har spelt for Øygarden og Stabæk før han i 2013 gjekk til SK Sotra.

Han har spelt 97 kampar for Sotra sitt A-lag.

I 2014 spelte han 26 kampar og skåra 10 mål, i år blei det 20 kampar og 2 skåringar.

Helland bur no i Bergen. Han har utdanning frå NHH og jobbar som lærarvikar.

Frå før har Lysekloster fått Håkon Moldekleiv frå Nest-Sotra og den tidlegare norske landslagsspelaren (G16) Vladan Radojkic frå spanske Hercules Juv.