Sport | 13. des. 2016

Lysekloster + Nore Neset = Sant

Vil styrka begge klubbane og trenerkompetansen: Lysekloster og Nore Neset inngår femårig samarbeidsavtale på fotballen.

Lysekloster + Nore Neset = Sant
Tomas Fiksdal og Svein Kollen frå Lyseklsoter saman med Egil Krukhaug og Jan Erik Døsen frå Nore Neset (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 13. des. 2016 18:06

Lysekloster IL og Nore Neset IL presenterte tysdag ettermiddag den nysignerte samarbeidsavtalen mellom dei to klubbane.

– Det er eit arbeid vi starta på i fjor, men då kom vi ikkje i mål. I sommar tok vi opp att samtalene, og dei har gått føre seg i eit tre-fire månadar før vi signerte den i førre veke, innleia Svein Kollen, sportsleg leiar i Lysekloster.

Avtalen er over fem år, som skal evaluerast kvart år og omfattar alle lag på gutesida frå 13 år til juniornivået. Til saman vil dei to klubbane ha mellom 1000-1100 medlemmar og 500-600 fotballspelarar.

Vinn - vinn for begge

Samarbeidsavtalen vil styrka begge klubbane.

– Lysekloster har for få spelarar i aldersbestemte klassar. Til dømes hadde 14-årslaget vårt i inneverande sesong spelarar som var 12, 13 og 14 år. No vil vi få store og gode grupper i kvart årskull, forklarte Tomas Fiksdal, leiar for barne- og ungdomsfotballen i Lysekloster.

– For Nore Neset har vi ikkje klart å løfta ungdommane våre opp til seniornivå. Det har gjort at vi har ein relativt høg snittalder på seniorlaga våre, noko som igjen har skapt ei barriere for ungdommane. Vi håper samarbeidet vil vera med på å betra dette, supplerte Jan Erik Døsen, leiar for Nore Neset Fotball.

Eit anna viktig moment for dei to klubbane er at ungdomane går saman på ungdomsskulen på Nore Neset og har eit sosialt miljø også der.

– Dette gir ungdomane langsiktighet og ein tryggleik for at dei har eit lag å spela på i åra som kjem.

Vil løfta trenerkompetansen

Det siste momentet i samarbeidsavtalen er ei auka kompetanse for trenarane.

– Eit hovudmål er kompetanseheving. Vi vil ha trenarforum for alle trenarane frå 1. klasse til junior i begge klubbane annankvar månad.

– Dette vil bli leia av A-lagstrenar Ruben Hetlevik og skal vera med på å gje oss ein raud tråd både i treningsmetodikk og spelestil, forklarar Kollen.

Satsingslag og bredde

Avtalen gjer ungdommar i dei ulike aldersgruppane moglegheiten for eit differensiert tilbod.

– For dei som vil satsa og trena mykje har vi satsingslag som vil spela for Lysekloster/Nore Neset i Lysekloster-draktar. Desse vil få opp mot fire-fem treningar og kampar i veka. Dei som ikkje ønskjer å satsa så mykje vil få eit breddetilbod, som vil spela i dei blå Nore Neset-draktene.

– For oss i Nore Neset har det vore viktig å halde på at vi er ein breiddeklubb, men at vi skal ha moglegheiten for dei som er ivrige og vil satsa meir, men breiddeprofilen står ved lag, understreker Egil Krukhaug, leiar i Nore Neset IL.

Trenarkabalen lagt

For satsingslaga er allereie trenarkabalen lagt.

– Martin Eidsvik vil ha ansvaret for G13, Denis Ljubovic for G14, G15 og 16 vil vera to lag, men éi treningsgrupp,e under leiing av Kenneth Hufthammar. Juniorlaget vil bli leia av Jacob Nielsen, som kjem frå Nest Sotra. Dette er alle trenarar med god kompetanse og som kjenner spelargruppane sine relativ godt, seier Fiksdal.

På seniorsida er som kjend Ruben Hetlevik i Lysekloster, medan Arne Sælensminde får ansvaret for Nore Neset.

– I tillegg har vi eit bra knippe med flinke og motiverte trenarar på Nore Neset rundt breddelaga. Ein tett dialog mellom trenarane på satsingslaga og breiddelaga blir viktig, understreker Døsen.

Vil henta spanske impulsar

Lysekloster har gjenom fire år hatt eit godt samarbeid med Atletico Madrid, dette vil halde fram også gjennom det nye samarbeidet.

– Martin Eidsvik har nettopp vore der på studietur. Ein av dei andre trenarane våre reiser ned der om ikkje så lenge. Planen er at Ruben og eg også skal ned der for å sjå korleis dei jobbar.

– Samarbeidet har vore veldig givande dei siste fire åra, noko vi reknar med det også vil vera i åra som kjem. Dei kjem også neste sommar til å ha den spanske fotballskulen. For ungane er det ein fantastisk opplevelse å få desse spanske trenarane, seier Kollen.

Held fram med handball og jentefotball

Samarbeidsavtalen omfattar kun gutefotballen i dei to klubbane.

– Det er viktig for oss at vi lykkast med samarbeidet. Samstundes vil eg understreka at den jobben vi gjer på jentesida og i handballen er eit arbeid vi kjem til å halda fram med, med same styrke som tidlegare, seier Krukhaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.