Ruben Hetlevik og Hassan El Fakiri går begge for siger, men er einig i at heimelaget er favoritt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lysekloster - Os i morgon

Oddssetjarane trur på mange mål, ingen raude kort og siger til Lysekloster.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag brakar det laus igjen, Os og Lysekloster er i same avdeling etter at Os i fjor heldt seg i topp 4 og Lysekloster med knapp margin rykte ned frå 2. divisjon.

Det einaste derbyet vi fekk mellom dei to var i første NM-runde i fjor.

Det blei ein dramatisk kamp - sjå video.

Der Os tok leiinga, Lysekloster overtok og Os utlikna i sluttminuttet. I ekstraomgangane sørgja Ståle Steen Sæthre og Thomas Helland for 2-4 og Lysekloster sin første siger på seks forsøk mot Os.

Dei andre fem kampane (sidan 2013) har enda med tre sigrar til Os og to uavgjorte.

– Enkelte vil jo argumentera med at Lysekloster aldri har slått Os i ein ordinær kamp, sidan NM-kampen gjekk til ekstraomgangar.

– No vil vi visa éin gong for alle kven som er storebror i bygda, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster - Os startar klokka 16.00 laurdag.

Ruben og Hassan einige om favorittstempel

Seriekampen Lysekloster - Os er «ukas breddekamp» hos NordicBet.

– De fleste småsteder i Norge har nok med å skrape samme et brukbart fotballag. I Os har de to, og lørdag skal de avgjøre hvem som er best av Os og Lysekloster, skriv NordicBet i ein fyldig analyse av dei to før kampstart.

Os har hatt ein hakket kvassare start på serien, men Lysekloster blir halden som klar favoritt.

Odds, Lysekloster - Os: 1.39-6.15-4.35

– Os har fått ein god start, men vi ser på oss sjølv som favorittar i denne kampen, seier Hetlevik.

– Lysekloster har satsa hardt på å rykka opp og henta veldig mange spelarar frå bra nivå til sesongen. Det er naturleg at dei blir halden som favorittar, seier El Fakiri.

Målrik kamp utan raude kort

Midtsiden har fått NordicBet til å setja odds også på mengde mål og sjanse for raudt kort.

– Dette er to skåringsglade lag, vi trur på minst fire mål totalt.

1,63 i odds på under 3,5 mål
2,16 i odds på over 3,5 mål

NordicBet tviler på at det blir delt ut raude kort i kampen.

- Dette er to lag som ikkje er veldig kjent for fysisk fotball, men i lokaloppgjer kan alt skje. Vi trur likevel kampen vil bli hugsa for mange mål i staden for raude kort.

3,25 på raudt kort
1,26 på ingen raude kort

Full stall

Hetlevik fortel at han har heile stallen tilgjengeleg, sett vekk frå Sigve Rørstad, som blei skadd i innhopp mot Brann 2 og blir vekke ei stund.

El Fakiri seier han har same tropp som sist, med unntak av Ole Martin Kolskogen, som fekk seg ein liten smell på trening onsdag.

– Vi reiser til Lysefjorden for å vinna. Vi vil prøva å styra kampen, så får vi sjå om vi er gode nok. Det er opp til gutta, seier Hassan.

– Det er alltid skummelt å møta lag som har nokre gode kampar i beina, og som stiller med sjølvtillit, så det kan bli ein spennande dag, seier Ruben.

TABELL OG TERMINLISTE

Tilbakeblikk med video:
Lysekloster - Os 2-2 (0-1) i 2013
Os - Lysekloster 3-1 (1-0) i 2014

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.

bilde-midtsiden

Betaler millionar til Bergen

21. september 2017

68 ungar frå Os går i barnehage i Bergen, noko Os kommune betalte 4,7 millionar for i første halvår 2017.

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.