Sport | 16. aug. 2014

Lysekloster slo Varegg

Sigeren sat eit stykke inne, men mot slutten overtok Lysekloster og tok tre etterlengta poeng.

Lysekloster slo Varegg
Johannes Jordal gav Lysekloster leiinga i dag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. aug. 2014 17:32

Etter 8-1 over Frøya 2. juni har Lysekloster berre vunne éin kamp, over Vadmyra i slutten av juni.

– I dag blei det endeleg tre poeng igjen. Det var ikkje den beste kampen vi har spelt, men det smakte bra med full pott, seier trenar Torbjørn Birkelund.

Heime blei det 2-0, i dag blei differansen den same.

Varegg - Lysekloster 1-3 (0-1)
Målskårarar, Lysekloster: Johannes Jordal, Steffen Finsådal og Baste Jonassen.
Lysekloster (4-3-3): Chris Midtun - Baste Jonassen - Aleksander Andersen, Knut Eriksen Eide, Preben Skorpen - Tore Valvik, Johannes Jordal (Endre Hansen), Simen Birkelund (Mattias Høiland)- Martin Eidsvik (Steffen Finsådal), Thomas Helland, Preben Borgen.

– Varegg gav oss bra kamp og det blei litt slitesiger. Vi starta med høge skuldre, såg det ut til. Vi var nok prega av at det har vore så få poeng dei siste kampane.

– Men så kom vi til både innlegg og avslutningar og Johannes gav oss leiinga på eit flott skot frå 25 meter midt i første omgang.

Også andre omgang starta Lysekloster noko nølande, og vertane utlikna på ein god enkeltmannsprestasjon.

Så blei Finsådal byta inn og plassert på topp, og gjorde som han kan gjera, skåra etter eitt minutt.

– Derfrå og ut skapte vi mykje. 1-3 kom då Baste heada inn ein corner, men det kunne fint blitt 4 og 5 mål i dag, fortel Birkelund.

Lysekloster speler heime mot Lyngbø i neste runde, laurdag om ei veke.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.