Frå innmarsj til dagens kamp. (Skjermskot frå video, foto: Bjarte L. Haugland)

Lysekloster vann lokaloppgjeret

Lysekloster tok leiinga over Os og auka på før slutt. Gjestane spelte siste 30 med ti mann.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dagens serierunde med lokaloppgjer mellom Lysekloster og Os enda med siger til heimelaget.

Lysekloster - Os 2-0 (1-0)
Målskårar:
Kristoffer Østervold (16. og 46.) 

Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Durim Muqkurtai, Kapinga Brazy, Martin Pedersen, Thorvald Trætteberg (Ken-Joar Føyen), Denis Ljubovic, Espen Birkeland, Joakim Helland, Ole Thomas Herrem, Kristoffer Østervold, Vladan Radojkic (Thomas Helland). 

Os: Andrew Todd - Knut Spangelo Haga, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Glenn Krossøy (Enrique Crespo Søvik)- Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Rafael Villén, Steffen Ljosheim (Simon Moberg Søvik) - Øystein Takle Eide (Anders Havsgård) og Torgeir Lunde.

Lysekloster tok leiinga i 16. minutt og auka til 2-0 i 46. minutt. Os hadde skot i stolpen i første omgang, men klarte ikkje å utlikna.

Tidlegare Os-spelar Kristoffer Østervold skåra begge måla.

Fire gule og eit raudt

Enrique Crespo Søvik (Os) blei utvist med direkte raudt kort i 64. minutt, 7 minutt etter at han blei byta innpå.

I tillegg blei det delt ut fire gule kort; Vladan Radojkic og Rafael Villén i 36. minutt, Torkel Hjertnes og Tomas Helland i 86. og 90. minutt.

Oppdatert: Her er bildeserie frå kampen og kommentarar frå trenarane.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.

bilde-midtsiden

Betaler millionar til Bergen

21. september 2017

68 ungar frå Os går i barnehage i Bergen, noko Os kommune betalte 4,7 millionar for i første halvår 2017.

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.