Sport | 26. apr. 2017

Lysekloster vidare til 2. runde

Lysekloster skåra berre eitt mål borte mot Stord, men det var nok til avansement i cupen.

Lysekloster vidare til 2. runde
Espen Birkeland, her i 8-0-sigeren over Stord i mars, skåra kampens einaste mål då Lysekloster i dag tok seg vidare i NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. apr. 2017 18:39

Lysekloster er vidare i NM etter siger borte over laget dei også speler borte mot i serien førstkomande laurdag, Stord.

I treningskamp før seriestart vann Lysekloster heile 8-0 over Stord. I dag blei det berre 0-1.

– Vi var ineffektive, men det var òg ein rotete kamp og eg synest vi underpresterte, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster tok leiinga ved kaptein Espen Birkeland i 23. minutt. 0-1 sto seg kampen ut.

Stord - Lysekloster -1 (0-1)
Målskårar: Espen Birkeland
Lysekloster: Frode Moberg Øvredal - Tshizang'S-Kapinga Brazy, Joakim Helland, Denis Ljubivoc, Espen Birkeland, Håkon Moldeklev, Martin Pedersen, Vladan Radojkic, Thorvald Trætteberg, Kristoffer Østervold og Thomas Helland.
Innbytarar med speletid: Ken-Joar Føyen og Marius Sivertsen.
Gule kort: Joakim Helland og Kristoffer Østervold

– Stord la seg lågt og jobba hardt. Vi hadde sjansar nok til å vinna 3 eller 4-0, men fekk det ikkje heilt til i dag.

– Vi er uansett nøgde med å koma vidare til andre runde.

– Kven håper du å få i andre runde?

– Vi tar det vi får, men håper at vi i løpet av cupeventyret får eit lag frå Eliteserien på heimebane.

• Kampoppsett og alle resultat, sjå fotball.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.