Lyseklostervegen stengt til helga
E39 Svegatjørn-Rådal: Frå fredag ettermiddag til mandag morgon blir fylkesveg 161 Lyseklostervegen stengd for trafikk.
Ny fylkesveg mellom Endelausmarka og Lysekloster er ein del av E39 Svegatjørn-Rådal-prosjektet. I samband med anleggsarbeid ved Lyseklostervegen kommande helg vil denne bli stengd frå fredag 16. juni kl 19.00 til måndag 19. juni kl 06.00.
– FV 161 Lyseklostervegen blir stengd for all trafikk forbi anleggsområdet. Det skal arbeidast med påkopling av nyanlegget til eksistrande fylkesveg i helg, med graving også på fv. 161, heiter det i ei melding frå Statens Vegvesen.
Omkøyring via dagens E39
Omkøyring for gjennomgangstrafikk mellom Os og Fana i helga er E39 via Søfteland.
– Lokaltrafikk kan også nytta fv163 Ole Bulls veg om Søvik i Lysefjorden.
Den nye fylkesvegen vil berre vera open for anleggstrafikk i byggeperioden for E39 Svegatjørn-Rådal.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.