Lokal | 20. des. 2014

Lyskryss ute av styring

Det er lange køar på E39 på Søfteland etter at lysreguleringa ved Gåssand byrja å styra seg sjølv.

Lyskryss ute av styring
Det har i dag vore kø frå krysset forbi butikken på Søfteland. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. des. 2014 12:27

Laurdag i 13-tida fekk Midtsiden melding om lange og unødvendige køar på E39 på Søfteland.

– Først trudde vi det var ei ulykke, men så såg vi at det lysregulerte fortgjengarfeltet stadig lyste raudt sjølv om det ikkje var fotgjengarar i nærleiken, fortel ein innringar.

Ho er nabo til lyskrysset og fortel om tidvis lange køar.

– Har folk på veg

Politiet i Os hadde ikkje høyrd om problemet då Midtsiden slo på tråden, men det hadde vegtrafikksentralen.

– Vi har fått fleire telefonar og vi har elektrikar på veg, fortel trafikkoperatør Morten Hansen frå Statens vegvesen.

– Veit de kva som er feil, at dette er eit kjent problem?

– Det kan ha vore lynnedslag i nærleiken, at det er dette som har skapt problem med styringsmekanismen. Akkurat kva som er problemet er uvisst, men eg trur nok vi skal få orden på det snart.

Også problem torsdag

Eit anna vitne fortel om liknande problem på Byvegen mellom Elvebakken og Jordmorsvingen torsdag.

Om det var utrykning og reparasjon også på dette lyskrysset er uvisst.

– Eg var ikkje på vakt på torsdag, men det er mogleg at styringssystemet har nullstilt seg ved ein omstart og dermed ordna seg sjølv, seier Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.