Kultur | 19. mai 2018

Lysøen Rundt for 25. gong

I går opna sesongen på Museet Lysøen, i morgon er det marsj og quiz for heile familien, ein marsj som hadde over 500 deltakarar i fjor.

Lysøen Rundt for 25. gong
Ole Bulls villa på Lysøen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. mai 2018 07:09

I går kom Museet Lysøen ut av vinterdvale til strålande vêr og godt besøk.

– Både vêret og det at 18. mai hamna på ein inneklemt fredag, der mange hadde tatt fri, var nok med på å gjera at vi hadde veldig godt besøk i dag, seier leiar for Museet Lysøen, Berit Høgheim, til Midtsiden fredag ettermiddag.

– Vi hadde mange kortreiste gjestar, men også fleire utlendingar. Det blei snakka både polsk, latvisk og engelsk på øya i går.

Dagen i går var ikkje årets første med gjestar, nokre grupper har vore på museet tidlegare i mai.

– Det er likevel noko eige med det å opna for sesongen, med apparatet som blir sett i sving dagane i forkant, og det å veta at frå no skal vi ha ope kvar einaste dag.

Museet og Ole Bulls villa er open kvar dag til ut august, og kvar søndag gjennom september.

Jubileum for Lysøen Rundt

Tradisjon tru er det Lysøen Rundt første søndag etter sesongopning. Turmarsjen blir arrangert i samarbeid med Lysøens Venner og Lysekloster Idrettslag.

– Dette er eit av årets høgdepunkt, med mange familiar som kjem på besøk og som gjer seg kjent med det store nettet av turstiar på øya.

Båten går i skytteltrafikk mellom Buena og Lysøen, og folk kan gå marsjen, ta quiz og vera med på trekning av premiar kor tid dei ønskjer mellom klokka 9 til 15.Villaen er open for omvising fram til klokka 16.

Tett program gjennom sommaren

Etter turmarsjen held sesongen fram med fleire høgdepunkt, allereie neste helg er dei første to av i alt fire Lysøen-konsertar i samband med Festspillene i Bergen.

Johan Dalene & Gunnar Flagstad, Catharina Chen & Jie Zhang, Ragnhild Hemsing & Tor Espen Aspaas og Eldbjørg Hemsing & Anna Fedorova skal spela på Lysøen under Festspillene.

– Med få unntak har vi konsertar her kvar helg gjennom sommaren i år. Vi held òg fram med «Trollbundet av Ole Bull», som vi starta med for to år sidan.

• Les òg: Full pakke blei stor suksess

«Trollbundet av Ole Bull» er ein reise- og opplevelsespakke som blir arrangert på tampen av sesongen, med buss frå Bergen, båt til Lysøen (naturlegvis), omvising, vandring og konsert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.