Lokal | 19. juni 2017

Lyste med laser i auga på bilistar

Det var ikkje småungar politiet fann då dei rykte ut til Industrivegen.

Lyste med laser i auga på bilistar
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. juni 2017 07:52

Fredag i 23-tida fekk politiet melding frå bilistar som fortalde at dei blei uroa av at nokon lyste dei i auga med laser.

Politiet rykte ut og fann ein mistenkt.

– Det var ein mann i 40-åra som sto med laser. Vedkomande påsto at han berre hadde lyst tilfeldige stadar, at det ikkje var meininga å sikta på bilistane.

– Vi tok beslag i laseren og vedkomande er meldt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Støy etter stengetid

I 4-tida natt til søndag fekk politiet melding om støy frå ein utestad. Dette var lenge etter stengetid på den aktuelle staden.

Ein patrulje rykte ut og dei tilsette, som spelte høg musikk mens dei rydda, lovde å dempa seg.

To trafikkontrollar

Både laurdag og søndag formiddag hadde politiet trafikkontroll med fokus på promille, laurdag på Ulvenvegen, søndag på Lepsøyvegen ved kryss til Særvollsvegen.

– Rundt 30 bilistar blei kontrollert kvar stad, alle var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.