Lokal | 21. mars 2018

Må ha éin lokal ingrediens

Kriteria for heimebryggjarkonkurransen under ølfestivalen er klar.

Må ha éin lokal ingrediens
Cato Larsen frå Bjørnafjorden Bryggeri og arrangementssjef Berit Steen på Oseana gler seg til å testa ølet heimebryggarane leverer (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 21. mars 2018 12:30

Lokale ølentusiastar kan gjera klar bryggjepanna, for no går startskotet til heimebryggjarkonkuransen under Oseana Ølfestival. Etter å ha gjæra på konkurransereglar ei stund, har Bjørnafjorden Bryggeri og Oseana klare nokre føresegner, og hovudtema for tevlinga er at ølet skal ha minst éin lokal ingrediens.

– Me er eit bryggeri med sterk lokal tilknyting og dette er også temaet for konkurransen i år. Ut over dette vil du får stor fridom til å brygge det du vil, seier Cato Larsen hjå Bjørnafjorden Bryggeri i ei pressemelding.

Får laga øl profesjonelt

Oseana Ølfestival blir arrangert under Osdagane siste helga i juni, og er eit samarbeid mellom Oseana og Bjørnafjorden Bryggeri. Festivalen vil ha eit variert program, der detaljar blir avslørt etterkvart. Heimebryggjarkonkurransen vil vera ein av «hovudaktivitetane» opp mot festivalen. Som premie får vinnaren laga ein batch av sitt eige øl hjå Bjørnafjorden Bryggeri, og ølet vil vera å få kjøpt på lokale pubar og elles der Bjørnafjorden Bryggeri kan vere på tap.

– Vi veit det er mange som gler seg til ein slik konkurranse, og det å få laga sitt eige øl profesjonelt og sidan få det i salg, tenker vi må vera ein ekstra pådrivar for å få mange til å legga seg i hardtrening, smiler Larsen saman med arrangementsjef i Oseana, Berit Steen.

Kva finst av lokale ingrediensar

Til dommarpanelet i konkurransen vil Bjørnafjorden Bryggeri få hjelp av Lysefjorden Bryggeri. Saman skal dei sjå til at ølet som blir levert til konkurransen følgjer dei ferdigbryggja føresegnene:

– Ølet må vera overgjæra, altså ein ale. Det må også vera under 6% i alkoholstyrke. Til sist, men kanskje aller viktigast, er at ølet må innehalde minst ein valfri lokal ingrediens. Dette kan vera rognebær, einer, bringebær eller anna som ølbryggjaren måtte finna på.

– Saman med innlevering av øl må oppskrifta leggast ved eller sendast pr. mail til Berit på Oseana. Spørsmål om konkurransen elles er det vi i Bjørnafjorden Bryggeri som svarar på, seier Larsen.

Håper på engasjement

Ølet vil bli vurdert bryggeteknisk, for drikkbarheit og for kor vellukka den lokale ingrediensen er integrert. To flasker (min. 0.33) av det ferdige brygget må du levera til Oseana innan 16. juni.

– Vi vonar jo at dette vil engasjera mange heimebryggjarar i tida fram mot festivalen, og er spente på kva som kan koma av lokale idear særleg når det gjeld ingrediensar, avsluttar Berit Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.