Lokal | 15. okt. 2014

Må ha tolmod

– Vi må ikkje gløyme at dette prosjektet har 5 til 7 års perspektiv, påpeika Eirik André Hesthamar (FrP) då «Prosjekt Betre Læringsresultat» blei diskutert.

Må ha tolmod
Ein skal kanskje ikkje venta 100 år på betre resultat i skulen, men noko tolmod bør ein nok ha (Foto frå feiringa av Os barnskule sitt 100 årsjubileum: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. okt. 2014 13:24

I samband med budsjettdiskusjonane i 2012 (for 2013-budsjettet) kom det ei politisk bestilling frå Frp/H om å starta «Prosjekt Betre Læringsresultat» i os-skulane. Bakgrunnen for bestillinga var stadig dårlegare resultat på nasjonale prøver.

Tysdag fekk tenesteutvalet ei statusoppdatering for prosjektet frå leiar av styringsgruppa, Eirik André Hesthamar (Frp).

– Prosjektet er ei politisk bestilling og det blei satt ned ei arbeidsgruppe som skulle jobba fram konkrete tiltak både i og utanfor eksisterande budsjett.

– Prosjektet skal ha fokus på læringsresultat og eit perspektiv på 5 til 7 år.

– Det viste seg å vera stor avstand mellom ønskjene frå arbeidsgruppa som beløp seg til 30 millionar kroner og dei 2 millionane vi klarte å framskaffa i budsjettet for 2014.

– Dette skapte nok noko frustrasjon, men eg opplever vi no, etter å ha konkretisert det for å gjera det meir handfast og mogleg å ta tak i, er på ein god veg, innleia Hesthamar.

Tidleg innsats

Gjennom reorganiseringa av prosjektet har mellomanna nye fagressursar kome inn i arbeidsgruppa, som òg vil bli styrka med ein ressurs frå ungdomstrinnet.

– Hovudfokus no er tidleg innsats, blant anna gjennom å trekkje barnehagane meir inn i prosjektet.

– Eit anna døme på det er den styrkinga som blei gjort i år med fleire vaksenpersonar i 1. klassene.

– I tillegg skal alt vi gjer vera forskningsbasert. Vi skal gjera det vi veit virkar.

– Det er arbeidsgruppa med fagkompetansen gode på. Det er dei som har sagt kva det må fokuserast på, forklarte Hesthamar då han presenterte satsingsområda.

Felles "standard"

Eit av dei viktigste grepa er klasseleiing og læringsmiljø.

– Nasjonale prøver er ikkje einaste sanninga på kvaliteten i skulen. Det er ei rekkje andre faktorar òg, tildømes det psykososiale innhaldet i skulen.

– Difor må vi læra av kvarandre og laga ein felles standard for kva vi meiner er god praksis. Samstundes må vi passa oss for ikkje å skjera alle over ein kam. Det må vera plass til krydderet òg, slik som rektor på Nore Neset ungdomsskule, Anne Fristad påpeika på møte i oppvekstforumet, påpeika Hesthamar.

– Det er dei gode erfaringane du skal dela med andre. Det er ei av føringane i prosjektet, supplerte Helge Olav Nygard (KrF), som òg sit i styringsgruppa.

Tala peiker nedover

Anders Hjelle (TvS) er nøgd med det arbeidet som blir gjort i høve kvalitetsplanen, men samstundes uroa over at ein ikkje ser resultat.

– Eg er glad vi får denne saka og tertialrapporten i same møte.

– Det er litt spesielt når ein i tertialrapporten ser korleis det går med grunnskulane i Os.

– Det går feil veg i følgje tabellane og verbaldelen.

– Dette uroar meg. Kva er det eigentleg som går gale, vi har hatt prosjekt betre læringsresultat i fleire år.

– Noko må vi gjera gale, meinte Hjelle.

– Eg les tala i tertialrapporten på lik line med Hjelle. Desto viktigare er det at vi no har konkretisert prosjektet og tatt fatt på det vi trur er viktigast.

– Den opprinnelege lista som kom frå arbeidsgruppa var for omfattande til å kunne gjennomføra i ein gong.

– Det vil nok vera slik at tertialrapporten ikkje viser resultat neste år heller, men dette er eit langsiktig prosjekt med fem til sju års perspektiv. Det må vi ikkje gløyma, påpeika Hesthamar.

Ingen quick-fix

Hesthamar fekk støtte frå Nygard.

– Rådmannen har sin heilt eigen måte å lesa tal og statistikker på. Eg er ikkje eining i han sine analyser og måte å lese tala på.

– Det er grådig viktig å ha kvilepuls i høve resultata. Ein klarar ikkje dette på to år. Klassane skal målast mot seg sjølve.

– Det er ingen quick-fix på desse utfordringane.

– Dei grepa vi har tatt som politikarar meiner eg er rasjonelle. Det handlar om mykje meir enn Ipadar i skulen.

– Det trengs mykje bensin og energi på bålet og den energien opplever eg er der no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.