Sport | 24. apr. 2010

- Må setja sjansane

Os møtte Bærum i årets første bortekamp. Det enda med tap.

- Må setja sjansane
Gjestlørdag 24. apr. 2010 13:10

- I dag vart vi straffa for ikkje å setja sjansane våre, fortel trenar Frank Hellevik på telefon frå Austlandet.

Årets første bortekamp enda med 0-2-tap (0-1 til pause).

Vant sjansestatistikken
Det blei eit surt tap for osingane laurdag ettermiddag, på nye Sandvika stadion. Framfor eit feststemt Bærumspublikum var det Os som vann sjansestatistikken, men Bærum som vann kampen.

- Vi startar kampen godt og har ein utruleg sjanse etter eitt minutt, der vi har tre-fire mann som står i kø for å avslutta. Ballen sprett litt fram og tilbake, keeper gjev retur før Vegard Leikvoll Moberg er den som får siste spark på ballen. Han set skotet over mål frå tre meter.

Etter 27 minutt kjem Bærum på ei flott kontring og tidlegare tippeligaspelar Thomas Finstad set ballen i mål bak Os-keeper Halvard Enes. Ifølgje Hellevik fell Os saman etter skåringa og mistar fasong og struktur heilt.

Skjerping i pausen
Pausen brukte Hellevik godt, laget blei samla igjen.

- Vi gjer ein veldig god andreomgang og skaper sjansar i bøtter og spann. Men vi klarar ikkje å omsetja dei i mål. Og då skjer det som gjerne skjer. Bærum kjem på ei kontring og skårar sitt andre mål, refererer Hellevik.

- Det er nesten utruleg at vi ikkje skårar, men på dette nivået blir vi fort straffa når vi ikkje utnyttar dei sjansane vi får. Samstundes er det betryggande å sjå kor godt vi heng med på dette nivået, både som lag og som enkeltspelarar. Vi er fullt på høgde, meiner Hellevik.

Tim tilbake
- Det er eigentleg ingen av spelarane som hevdar seg i dag. Alle gjer ein grei kamp på det jamne. Framover gjer Tim Henrik Sperrevik ein god jobb på topp. Han er god til å halda på ballen og å legga den tilrette for dei andre spelarane, avsluttar Hellevik.

Budstikka.no har dekka kampen live. Ifølgje lokalavisa vann Bærum fortent, sjølv om Os kom meir og mer inn i kampen på slutten.

Bærum–Os: 2 – 0 (1 - 0)
Halvard Enes
Daniel Kalstad, Endre Brenne, Per Søgnen Merai og Remi Osebakken
Vegard Leikvoll Moberg, Frode Buvik og Stian Lunde (kaptein)
Preben Borgen, Tim Henrik Sperrevik og Torkel Hjertnes

Byter: Tore Valvik inn for Vegard Leikvoll Moberg (71. min), Baste Jonassen for Frode Buvik (79. min), Tom Skråmestø for Preben Borgen (79. min).

Gule kort, Os: Endre Brenne

Andre resultat frå 2. runde:
Kjelsås - Manglerud Star Toppf.: 2 - 2
Stord - Fana: 1 - 0
Førde - Notodden: 2 - 0
Åsane - Asker: 1 - 2

Ingen lag i avdelinga har, eller kjem til å få, full pott etter dei to første rundane.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.