Lokal | 23. okt. 2014

Må sona 5 månadar

Ein mann frå Os er dømt til fengsel etter trugslar og vald mot kona.

Må sona 5 månadar
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. okt. 2014 07:04

Ein osing er dømt til 1 år og 10 månadar fengsel etter fleire tilfelle av trugslar og nokre epsidar med bruk av vald mot tidlegare ektefelle.

Over ein periode på tre år skal tiltalte, ved åtte ulike tilfelle, ha oppført seg trugande eller valdeleg.

Tiltalte er også dømt for seksuell omgang etter misbruk av tillitsforhold, då dei to involverte hadde frivillig verv i same organisasjon.

Fornærma var over 16 år då forholdet fann stad, men er langt yngre enn tiltalte.

Kva som blir ramma av straffebestemmelsen vil vera situasjonsbetinget.

Osingen var også tiltalt for kjøp og bruk av narkotika.

Retten mottok forklaring frå 14 vitne. Tiltalte blei dømt til 1 år og 10 månadar fengsel, 5 månadar av straffa blei gjort utan vilkår. Tiltalte må også betala 60.000 kroner i oppreising til jenta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.