Lokal | 26. nov. 2015

Må truleg søkje dispensasjon

Dei gamle kongegravane på Lurane gjer at kommunen truleg må søka dispensasjon for å bygga ut Luranetunet.

Må truleg søkje dispensasjon
Utgravingane ved Luranetunet er ferdige, men kommunen ventar på den endelege rapporten frå fylkesantikvaren (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 26. nov. 2015 11:21

Den storstilte utbygginga på Luranetunet, kor kommunen skal få på plass 60 nye rom, 37 nye bustader for demente og ein tropehage på omlag 1200 kvadratmeter, har fått ein litt forseinka oppstart fortalde kommunalsjef for pleie, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge i tenesteutvalet onsdag.

– Det ligg gamle kongegraver der oppe, som fylkesantikvaren måtte sjå litt nærare på før vi kunne ta til med arbeidet.

– Dei har no sluttført utgravingane og vi ventar på den endelege rapporten, men det er funne eindel spor etter busetting, forklarte Borge.

Må halda 5 meter avstand

Eigentleg hadde han ønska seg å kunne nytta området til rekreasjon og små turstiar for bebuarar og tilsette når det nye tilbygget kjem på plass, men det må han nok sjå langt etter.

– Det er eit krav om at vi skal halde minst fem meter avstand til fornminner som dette. Det gjer at vi ikkje kan etablera turstiar der. Vi må òg legga anleggsvegen rundt gravane.

– Nokre av funna ligg såpass nære utbygginga at vi truleg må søka om dispensasjon før vi går i gang med bygginga. Entreprenørane står og trippar for å komma i gang, så vi får sjå om vi ikkje byrjar på det nye dagsenteret som skal byggast lengst unna kongegravane, fortalde Borge då han gav det nye tenesteutvalet ein kjapp presentasjon av planane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.