Lokal | 28. okt. 2014

Må ut med 17.000

Mannen nekta for å ha kjørt i 84 km/t i 50-sona, men blei ikkje trudd og må i tillegg til bot betala sakskostnadar.

Må ut med 17.000
UP på Hatvikvegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. okt. 2014 08:15

Ein mann i 30-åra frå Fusa blei i mars stoppa på Hatvikvegen etter at politiet hadde målt varebilen hans til 84 km/t i ei 50-sone.

Målinga blei gjennomført med Trip-Track snittfartmålar og tiltalte nekta for at målinga var korrekt.

Han møtte i retten og innrømte å ha kjørt for fort, men hevda at farten berre var på rundt 66 km/t.

Måledistansen var på 255 meter med 32 meter tryggleiksmargin, noko som er større margin enn det instruksen seier.

Nordhordland tingrett fann ikkje grunnlag for at det hefta feil ved målinga, og bildeteljing av video viser dessutan at farten var 96 km/t før tryggleiksmarginen blei trekt frå.

Tiltalte blei dømt til å betala 11.000 kroner i bot og 6000 kroner i sakskostnadar.

Han må også tola å vera 6 månadar utan førarkort, til frådrag kjem perioden førarkortet har vore beslaglagt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.