Sport | 04. okt. 2017

Madelen debuterte i Toppserien

Madelen Koldal Holme (15) fekk sine første minutt i Toppserien for Sandviken.

Madelen debuterte i Toppserien
Madelen Koldal Holme var eit lyspunkt i ein ellers svak kamp av Sandviken (foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball.no)
Andris Hamreonsdag 04. okt. 2017 12:09

I byrjinga av september signerte Lysefjorden-jenta Madelen Koldal Holme for Toppserieklubben Sandviken.

Tysdag ettermiddag fekk ho sine første minutt i den øvste divisjonen då ho etter 77 minutt kom inn for Mia Kristin Bogetveit Nygard i kampen som diverre enda med 1-2 tap for Stabæk.

– Det var veldig kjekt og utruleg gøy. Det var litt skummelt i starten, men eg tykkjer det blei bra etterkvart, oppsummerer Madelen til Hordalandsfotball sin reporter, Trond Gausemel, etter kampen.

Sjå heile videointervjuet med Madelen her

Tøffe duellar

Madelen fortel at det var eit høgare nivå enn ho var vant med frå 2.divisjonslaget, men også at spel med gutane på Nore Neset har gjort ho førebudd.

– Det var eit veldig høgt nivå i høve 2. divisjonsspel, men eg har spelt litt med gutar, så eg følte det gjekk greitt. Ein må vera tøffare i kroppen på dette nivået, fortel ho.

Har vore god

Sandviken-trenar Øyvind Nordtveit fortel at han ikkje tok med den 15 år gamle jenta for å vera snill, men fordi ho fortente det.

– Det var veldig kjekt. Ho blei ikkje tatt med for å vera snill, men har vore så god på andrelagskampane at ho fortente det. Ho har vist at ho har potensiale for å bidra. I dag kom ho til ei sjanse og viste fine dragningar. Ho er ein utruleg spennande spelar berre 15 år gamal, sa Nortveit til Hordalandsfotball.

Dette er ikkje den første debuten for fotballtalentet denne hausten. I september spelte ho to kampar med flagget på brystet for det norske J15-landslaget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.