Sport | 17. mars 2016

Madelen og Ole Martin tatt ut på landsdelssamling

40 unge fotballspelarar skal inn for siling til G15-landslaget. Madelen er einaste J14-jente frå Hordaland, Ole Martin er 1 av 4 på G15.

Madelen og Ole Martin tatt ut på landsdelssamling
Ole Martin Lekven Kolskogen og Madelen Holme har tatt nye steg i fotballkarriera. (Arkivfoto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. mars 2016 15:10

Ole Martin Lekven Kolskogen er ein av 26 spelarar som skal på landsdelssamling i Trondheim frå 31. mars til 1. april.

– Dette er ein av to landsdelssamlingar og omfattar spelarar langs heile kysten opp til Nord-Noreg, seier Magnus Johansson frå Hordaland fotballkrets.

Det er berre fire spelarar frå Hordaland i uttaket Kolskogen er del av.

– Den andre landsdelssamlinga er på Austlandet. Til saman skal rundt 40 gutar frå 2001-kullet i sving.

Kor tid landslaget skal takast ut er Johansson ikkje sikker på.

– Eit referansepunkt for klubben

Leiar for sportsleg utval i Os Fotball, Jan Frode Skeie, seier han og resten av klubben gler seg over uttaket.

– Landslagssjef Gunnar Halle og fleire andre fekk med seg Kolskogen då han nyleg var på kretslagsturnering med 2000-årgangen. Ole Martin skåra fleire mål, la opp til skåringar og fekk mykje speletid. Han gjorde godt inntrykk, dette blei ikkje verre då dei fekk høyra at han er eitt år yngre enn med- og motspelarane, seier Skeie.

Les òg: Vann riksdekkande kretsturnering

– Vi har fleire gutar og jenter på kretslag, og vi speler mot lag som har landslagsutøvarar. Med den merksemda Ole Martin no får er han eit godt referansepunkt for mange av dei andre talenta våre.

Madelen åleine frå Hordaland

Madelen Holme, fødd i 2002, speler for Gneist.

Ho er einaste på J14 frå Hordaland i uttaket.

Hordaland fotballkrets sine sider kan du sjå alle troppane frå 2001- og 2002-årgangen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.