Sport | 19. aug. 2017

Madelen tatt ut i landslagstropp

Madelen K. Holme i troppen når Norge J15 speler to kampar mot Sverige.

Madelen tatt ut i landslagstropp
Madelen, her i kamp med Lysekloster/Nore Neset, er tatt ut til landskamp med J15.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. aug. 2017 06:21

Madelen Koldal Holme (15) frå Lysekloster blei i slutten av mai tatt ut til landslagssamling.

– Eg føler det gjekk veldig fint, seier Madelen, som skåra fleire mål i trenigskamp i løpet av samlinga.

Fredag oppdaga ho at troppen til to landskampar mot Sverige er tatt ut, og at ho er med i uttaket.

– Det har vore veldig spennande å gå og venta på uttaket og eg blei veldig glad då eg først såg troppen på fotball.no, og så fekk epost av Magnus Johansson frå Hordaland fotballkrets.

Frå Hordaland er også Elise Kristine Alsaker Kvinge frå Bønes tatt ut i J15-troppen. Madelene tok tidlegare i august 2. plass i Norway Cup med Bønes, men då var ikkje Elise med. No får dei to spela saman på landslaget.

Kampane mot Sverige går 5. og 7. september, i Vang i Hamar.

Madelen speler serie med Lysekloster/Nore Neset sitt gutelag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.