Kultur | 19. sep. 2014

Magi og travfusk

Torden & Magi og Jakten på Berlusconi er dei to filmane som blir vist på Bygdekinoen sundag.

Magi og travfusk
<strong>Jakten på Berlusconi. </strong>&nbsp;(Foto/Copyright: Gaute Gunnari/Euforia). <strong>Torden &amp; Magi</strong>. (Foto/Copyright: Norsk Filmdistribusjon).
Kari M. Lyssandfredag 19. sep. 2014 07:04

Sundag er det igjen tid for Bygdekinoen i Oseana, og for dei minste kjem animsjonsfilmen Torden & Magi, medan den norske komifilmen Jakten på Berlusconi skal underhalda dei litt eldre kinogjengarane.

Torden & Magi

Katten Torden blir forlatt då familien hans flyttar og når han søkjer ly under ein storm hamnar han i eit gamalt herskapshus. Der bur magikaren Laurits med fleire dyr og robotar han har utvikla til å gjere mange ulike oppgåver. Laurits tar til seg Torden og han blir ein del av trylleprogrammet, men ikkje utan at kaninen og musa blir misunneleg og vil kvitta seg med Torden.

Då Laurits hamnar på sjukehus får dei imidlertidig andre ting å tenka på. Nevøen til Laurits vil nemleg selja huset til Laurits og dei som bur der må gå saman for å forsvare heimen sin.

Dei forvandlar huset til eit spøkelseshus og Torden blir det hemmelege våpenet.

Filmen startar klokka 16.00 og er tillaten for alle.

Jakten på Berlusconi

Regissør Ole Endresen kan skilta med King Curling, Team Antonsen, Lilyhammer og Etaten på rullebladet sitt. I Jakten på Berlusconi har han fått med seg eit stort knippe av kjende norske komikarar og skodespelarar til ein ny heilaftens komifilm.

Jakten på Berlusconi handlar om den smålubne travkusken Bjarte Lem som ikkje lenger får dei beste hestane og når han hamnar i stor gjeld blir han despersat og må ty til fusk.

Planen er å dopa ned premiehingsten Berlusconi, men det mislukkast og det endar opp med at hesten blir kidnappa. Då er jakta i gong!

Skodespelarar er mellom anna Edward Schultheiss, Atle Antonsen, Jon Øigarden, Morten Ramm og Henriette Steenstrup.

Filmen startar klokka 19.00, varer i 1t 22 min og har 11 års aldersgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.