Ole Martin Kolskogen set her inn 1-0 til Os (foto: Andris Hamre)

Mål av Olis og Glenn

Bildeserie: Eit ungt Os-lag viste lovande takter då dei slo Bjarg i treningskamp laurdag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Os har slite med skadar på ei rekkje sentrale spelarar i vinter, noko som har gitt ung-gutane endå meir sjanse til å visa seg fram.

Os stilte utan blant andre desse: Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Christoffer Hafsås, Enrique Crespo Søvik, Endre Brenne, Hassan El Fakiri, Rafael Villén, Preben Skorpen og Kasper Færøvik.

I treningskampen mot Bjarg laurdag heldt store delar av laget framleis junioralder.

Unggutane viste lovande takter og la tidleg press på gjestane frå Bergen sør. Torgeir Lunde fekk ballen i mål, men blei korrekt avblåst for offside og laga gjekk til pause med uavgjort 0-0.

Begge laga hadde sjansar, men Os flest og størst, blant anna med ei handfull 45-gradarsinnlegg frå dødlinja.

Mål av Ole Martin

I andre omgang var Bjarg meir med frå start, men det var Os som etterkvart igjen festa grepet om kampen.

Først kom Øystein Takle Eide rundt på venstrekanten og la tilbake til Ole Martin Kolskogen som sette ballen sikkert i mål. 

– Øystein og Ole Martin er spennande typar på topp som gjer mykje riktig. Ole Martin har evna til å vera på rett plass, skryter trenar Hassan El Fakiri.

Glenn fastsette resultatet

Litt seinare var også Glenn Krossøy på rett stad etter ein corner frå Knut Spangelo Haga og stussa inn 2-0 skåringa.

– Det er alltid godt å vinna kamper. I dag er det ein god del tunge bein utpå der, men det skal det vera der vi er no i treningsperioden.

– Eg synes vi gjennomfører ein grei kamp. Vi manglar litt på den siste tredjedelen, men kjem oss til fleire gode sjansar enn dei to vi skårar på, oppsummerer El Fakiri som på tysdag tek med seg laget til treningsleir på Kypros.