Sport | 27. sep. 2009

Mål nr. 10!

Erik Kanestrøm (17) skåra sitt 10. mål for sesongen i kveldens bortekamp for Os 2.

Mål nr. 10!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. sep. 2009 19:44

Før 19. runde hadde Os 2 berre eitt poeng å gå på i kampen om opprykk, og laurdag vann Valestrand Hjellvik på 3. plass 7-4 borte over Laksevåg. Sundag spelte Os 2 bortekamp mot Årstad.

- I dag fekk vi mål imot etter 5. minutt, men dette var heldigvis ein av to sjansar dei skapte i første omgang, og vi klarte fint å ta dei igjen, seier Tore Nielsen.

Ramo Racic utlikna i 13. minutt og i 25. minutt skåra 17-åringen Erik Kanestrøm sitt tiande mål for sesongen då han auka til 1-2 etter eit flott innlegg av Sven Lyssand.

Sjølvmål og stress
15 minutt ut i andre omgang skåra Ramo sitt andre for dagen og Os 2 auka leiinga til 1-3.

- Vi hadde full kontroll. Heilt til vi skåra sjølvmål, seier Nielsen.

Dani Bergstø var uheldig då han skulle nikka ein ball som han ikkje heilt rakk i. Ballen gjekk i ein boge over eigen keeper, Kjetil Hansen.

- Dette gav heimelaget nye krefter - i tillegg kasta dei innpå ein to meter høg innbytar som kunne blitt farleg på dødballane mot slutten av kampen. Det blei ein hektisk innspurt, men heldigvis heldt 2-3 heilt inn.

Kjetil Hansen, som har hatt ein del skadar i sommar, spelte sin første kamp sidan mai.

- Det var godt å sjå han i buret, og han var i fin form med blant anna ei matcvinnar-redning på slutten av kampen, fortel trenaren.

Også Per Søgnen Merai og Mats Lepsøy var ifølgje trenaren blant lagets beste i kveld:

Desse starta for Os 2: Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Dani A. Bergstø, Per Søgnen Merai, Mats Lepsøe, Frode Buvik, Preben Borgen, Erik Kanestrøm, Sven Lyssand, Christian Almeland og Ramo Racic.

Espen Kopperud kom inn for Almeland og Kristoffer Sande kom inn for Lyssand i løpet av kampen.

Desse kampane står igjen for Os 2:
04.10.09: Os 2 - Laksevåg
11.10.09: Valestrand Hjellvik - Os 2
18.10.09: Os 2 - Loddefjord

- I neste kamp er vi klare revansje, bortekampen mot Laksevåg er blant det raraste eg har vore med på. Vi kjørte over dei, men klarte ikkje å skåra i første omgang. Så tok vi leiinga 1-0, men tapte 1-5. Gutane er nok klare for å visa kven som er best på Kuventræ sundag om ei veke, seier Tore Nielsen.

(Heimekampen sundag er flytta til kl 18.00)

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.