F.v.: Madelen og Vilde  i Nærbø Cup i fjor. Malin til høgre. (Privat bilde + skjermskot frå video)

Malin, Vilde og Madelen til landsdelssamling

Tre frå Os er tatt ut når fotballforbundet samlar jenter fødd 2003 og 2002 til landsdelssamling i Sarpsborg.

image
Av: Andris Hamre

Tysdag tok Håkon Grøttland i Noregs Fotballforbund ut troppane som skal møtast til Statoil landsdelssamling for jenter i Sarpsborg 23.-26. mars.

Samlinga rettar seg mot dei mest lovande jentene i landet fødd i 2002 og 2003, og tre av dei er frå Os.

I 2002-troppen er Madelen Holme frå Lysekloster/Nore Neset og Vilde Drange Veglo frå Os Fotball tatt ut. 

I 2003-troppen er Nore Neset-jenta Malin Ludvigsen tatt ut.

– Malin er ei kjempejente. Ho er kjempeseriøs i alt ho gjer og ei veldig roleg og grei jente, både på og utanfor banen. Detter har ho verkeleg fortent, seier Malin sin trenar Morten Døsen.

Har ein x-faktor

Døsen fortel at Malin sine styrker er blikket og pasningsfoten.

– Ho er på eit nivå som få andre er. I tillegg har ho eit godt driv både framover og bakover på banen, ho er uredd og har ein god skuddfot.

– Malin har ein eigen evne til å spela dei andre gode og å styra kampane på ein måte eg ikkje har sett makan til. Eg har lenge sagt at ho er Hordalands beste spelar i si årsklasse. Ho har ein x-faktor ved seg, skryt Døsen.

Kan nå så langt ho vil

Saman med fire andre av spelarane på Nore Neset har ho trent med kretslaget kvar måndag siden desember.

– Tilbakemeldingane frå kretslagssamlingane og -kampane har vore gode. Ho er ein spelar som evnar å ta til seg tilbakemeldingane ho får frå trenarane på ein konstruktiv måte og å bruka det til å bli enno betre. Også der er ho unik. Ho er rett og slett ein unik spelar, som kan nå så langt ho vil, avsluttar Døsen.