Kristoffer Østervold kom innpå etter pause og sette inn 4-0, 5-0 og 6-0 på 24 minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Målkalas i Lysefjorden

Lysekloster bomma på straffe, men Kristoffer Østervold skåra ekte hattrick og Stord blei knust 8-0.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster spelte i dag treningskamp på heimebane for første gong i vinter, gjestar var Stord, som kom på 12. plass i Lysekloster si avdeling i 2. divisjon i fjor.

Gjestane hadde lite å stilla opp med, Lysekloster leia 3-0 til pause og vann med solide 8-0.

Kristoffer Østervold, som spelte på Austevoll i fjor og for Os i 2015, kom innpå etter pause og skåra tre mål på 24 minutt.

– Det har blitt fem mål på fire kampar no, og det har ikkje vore heile kampar heller. Eg er tydelegvis inne i ein god steam, seier ein glad Østervold til Midtsiden etter kamp.

Østervold blei servert godt av lagkameratane, som gledde seg spesielt mykje over nettkjenninga to minutt ut i andre omgang. Det kunne fint blitt minst eitt til, men åleine med keeper blei det miss.

Lysekloster - Stord 8-0 (3-0)
Målskårarar:
Marius Sivertsen (9.), Håkon Kvittingen (11.), Ole Thomas Herrem (32.), Kristoffer Østervold (47., 61. og 69.), Sigve Rørstad (79.) og Vladan Radojkic (84.)
Lysekloster (3-4-3): Chris Sunde Midthun - Kapinga Brazy, Marius Sivertsen, Denis Ljubovic - Thorvald Trætteberg, Espen Birkeland, Joakim Helland, Vladan Radojkic - Håkon Kvittingen, Ole Thomas Herrem, Martin Pedersen.
Innbytarar med speletid: Kristoffer Østervold (45.), Sigve Rørstad (60.) og Ken Joar Føyen (60.).

Lysekloster hadde føringa frå start og fekk straffe etter hands i 16-meteren i 5.minutt. Straffen frå Vladan gjekk i stolpen, returen blei skoten over mål.

1-0 kom på corner ved Marius Sivertsen, 2-0 blei skåra av Håkon Kvittingen åleine med keeper, 3-0 blei signert Ole Thomas Herrem med venstrefoten før pause.

Lysekloster skifta spiss i pausen og Kristoffer Østervold brukte berre to minutt på å auka til 4-0.

Østervold følgte opp med 5-0 og 6-0 på eit fint innlegg frå dødlinja og på volley etter mottak på kassen, før Sigve Rørstad la på til 7-0 og Vladan Radojkic i 84. minutt skåra kampens siste.

– Mogleg vi spelte dei svake

– Vi har spelt vinterliga i oppkøyringa, mot lag frå 4. og 5. divisjon, og gutane følte seg nok gode før denne kampen her. Men i dag møter vi sterk motstand, og vi gjekk på ein skikkeleg smell. Vi  må trø til på ein annan måte enn i dag, og vi må spela alle 90 minutta kampen varer, seier Stord-trenar Jon Pall Palmason.

– Det har vore eit generasjonsskifte i stallen vår, vi stiller med 15-, 16-, og 18-åringar. Vi er noko prega av manglande rutine, men vi skal ikkje bruka alder som unnskyldning, gutane kan ikkje rekna med at det er mor og far som skal koma og skåra mål for dei.

Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik er naturlegvis meir nøgd.

– I dag hadde vi fokus på angrepsspelet vårt, og der fekk vi ein del god øving i dag. Eg hadde trudd Stord skulle yta litt meir motstand, men det er òg mogleg at vi rett og slett spelte dei svake.

• Midtsiden samleside: Lysekloster fotball

Lysekloster speler to kampar til den neste veka, begge på heimebane, onsdag mot Vestsiden-Askøy (kl 19) og laurdag mot Varegg (kl 14).

 


Fleire saker

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.

bilde-midtsiden

Finvêret held fram

20. juli 2017

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

bilde-midtsiden

Yrande liv

19. juli 2017

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

bilde-midtsiden

Notabene blir ARK

19. juli 2017

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.