Lokal | 11. apr. 2018

Målretta jakt førte til god narkofangst

Politiet var både på ransaking og på patrulje med sivil bil. To blei tatt med narkotika, ein av dei mens han køyrde bil.

Målretta jakt førte til god narkofangst
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. apr. 2018 07:22

Tysdag i 19-tida oppsøkte politiet ei adresse litt utanfor Os sentrum på bakgrunn av mistanke om narkotika.

– Eigar av bustaden, ein mann i 30-åra, var heime. Vi fann mindre mengde stoff i leilegheita, truleg hasj. Det blei tatt beslag i dette og vedkomande er meldt, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

I 22-tida blei ein bil stoppa på Hatvik. Det blei funne mindre mengder hasj på bilførar.

– Vedkomande er mistenkt for å køyra bil i ruspåverka tilstand. Det blei tatt beslag i førarkort og stoff og mannen, som er i 20-åra, blei tatt med til legevakt for blodprøve.

Målretta innsats

Bilisten blei stoppa på bakgrunn av mistanke.

– Vi patruljerte både uniformert og i sivil bil. Køyring i rus har vore eit stort og veksande problem dei siste åra, og når vi har ledig kapasitet så jobbar vi målretta for å få dei som har eit rusproblem ut av trafikken.

– Fleire av dei som har problem med narkotika har også fleire utfordringar. Når nokon blir mistenkt for narkotikamisbruk så fører det gjerne med seg vidare oppfølging, seier Hadler-Olsen.

Han nemner ransaking av heimen og, om dei har born, oppfølging av barnevernet, som eksempel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.