Kultur | 30. nov. 2015

Mandig og vart

Video: Det blei kontrastfylt då Os mannskor fekk med seg Tilslørte bondepiker på adventskonsert.

Andris Hamremandag 30. nov. 2015 12:23

Bildeserie:

Os mannskor i Nore Neset Kyrkje søndag 29. november (foto: AH)
Os mannskor i Nore Neset Kyrkje søndag 29. november (foto: AH)
Tilslørte Bondepiker var gjestekor på konserten (foto: AH)
Tilslørte Bondepiker var gjestekor på konserten (foto: AH)
1 av 2
Os mannskor i Nore Neset Kyrkje søndag 29. november (foto: AH)
Tilslørte Bondepiker var gjestekor på konserten (foto: AH)

Første søndag i advent inviterte Os mannskor til adventskonsert i Nore Neset kyrkje. Med seg hadde dei fått det relativt nystarta koret «Tilslørte bondepiker» og elevar frå Kongshaug Musikkgymnas. Snakk om ein vellykka match!

Først ut var det fyldige mannskoret, kor bassen brumma godt i kyrkjekoret. Dei opna med ein sesjon av meir tradisjonelle mannkorsongar, kor den norske versjonen av «You'll never walk alone», «Du skal aldri ensom gå» av Kjell Skyllstad (omsett til nynorsk av Harald Lyssand) var det store høgdepunktet.

Ei fullsett Nore Neset Kyrkje fekk så sjå òg høyra dei 12 tilslørte bondepikene, mellom anna saman med Torbjørn Sandmo på cello.

– Vi er eit nytt kor, knapt to år gamle. Det er stort for oss å få synga saman med vårt absolutte yndlingsmannskor. Vi kan ikkje ta dei på volum, men har i staden satsa på bling og paljettar, smilte Mari Lyssand på vegne av damene.

Dei varta opp med både Jakob Sande og Odd Nordstoga sin «Heim til jol» under kyndig rettleiing av gjestedirigent og akkopagnør Knut Vidar Garlid før elevane frå Kongshaug og etterkvart mannskoret slapp til igjen med meir tradisjonelle julesongar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.