Mange rekruttar - mange medaljar
Os Roklubb var ruvande i Tunevannsregattaen i Sarpsborg. Til helga er det ungdomsmeisterskap på Ulvenvatnet.
Bildeserie:
Førre helg var 16 utøvarar frå Os Roklubb, i eit reisefølgje på 40, til Sarpsborg for å delta i Tunevannsregattaen.
– Vi har mange nybyrjarar i klubben og fleire av desse var med og gjorde det bra, fortel Hanne Haaland Hillestad frå Os Roklubb.
God start
Dei yngste og ferskaste roarane, blant dei Eivind Vevatne og Marius Ottesen Hustad, deltok i regatta for første gong.
– Gutane rodde kjempeflott, desse blir det spennande å følgja framover.
Også Anders Solstrand Ludvigsen og Espen Sørstrømmen Hauge, som deltok i open nybyrjarklasse, rodde godt.
– Matilde Ottesen Hustad er òg ein nybyrjar, men deltok i helga i DJD, der ho utmerka seg. Den vesle frøkna trassa vind og bølgjer så du skulle tru ho ikkje har gjort anna.
Til A-finale
Junior D-gutane til Os, Mikael Ottesen Hustad, Johannes Klyve Forsbø, Håvard Jacobsen Askvik og Lars Eirik Vevatne, rodde 4x, 2x og i singelsculler både laurdag og søndag, med gode resultater på alle.
Lars Moberg Haukeland tok 5. plass både laurdag og søndag i HJC 1x. I 2x rodde Lars saman med Espen.
HJB-gutane Aleksander Haaland Hillestad og Odin Hjelm Sørstrønen var ute i forsøk i 2x tidleg laurdag og søndag. Laurdag kom dei til A-finale og enda på 6. plass, søndag blei det 3. plass i B-finalen.
Aleksander tok gull i sitt heat i 1x både laurdag og søndag, mens Odin i sitt heat fikk ein 4. plass som beste plassering.
Andre- og tredjeplass
Erling Øyasæter og Mattias Haugland tok 3. plass i HS 2x både laurdag og søndag mens dei i 4x saman med Oddbjørn Gjerde og Fridtjof Øyasæter tok 2. plass begge dagar.
– Tradisjon tru blei det Sverige-tur då alt var over. Då reiste heile følgjet over grensa for å ta ein kosekveld med pizza på Simons Hörna.
Til helga er det ungdomsmeisterskap på heimebane og livlege timar på og ved Ulvenvatnet, om du vil sjå dei lokale talenta i aksjon.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.