Lokal | 28. sep. 2016

Mange vil bli sentrumssjef

– Eg har fått overraskande mange søknader allereie, seier styreleiar for Os sentrumsforening, Daniel Skotheim.

Mange vil bli sentrumssjef
Styreleiar for Os sentrumsforening og næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, fortel om stor interesse rundt dagleg leiar-stillinga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 28. sep. 2016 19:20

I førre veke gjekk Os sentrumsforening ut med annonsa kor dei søkte etter ny dagleg leiar.

«Vi søkjer ein engasjert og strukturert dagleg leiar med erfaring frå næringsliv, prosjektstyring, evt. også frå arrangement og gjennomføring. Målsetjinga er å skape liv i Os sentrum ved å gjere Osøyro til eit attraktivt handle- og servicesenter både for næringsliv og innbyggjarane. Os kommune rustar opp uteareala og hovudhandlegata i sentrum, og som eit ledd i dette arbeidet styrkar også sentrumsforeningen seg.», heiter det i innleiinga til annonsa.

– Eg har fått overraskande mange søknader allereie og har blitt kontakta av veldig mange spennande kandidater. Hugs, søknadsfristen er ikkje før 14. oktober, seier styreleiar for den nye sentrumsforeninga og næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim.

Vil finna den rette

Stillinga skal både vidareføre noko av det tidlegare leiarar av sentrumsforeninga har hatt, men òg utvikla sentrum og organisasjonen vidare.

– Det er jo ei utruleg spennande stilling. For den rette personen er det ein god moglegheit for å utvikla sin eigen arbeidsplass og sin eigen kvardag i samspel med medlemmane, samarbeidspartnerar og innbyggjarane i Os.

– Så langt ser det veldig positivt ut og eg har god tru på at vi skal finna rett person.

Strukturert og liv-skapande

Skotheim påpeiker at personen dei jakta på ikkje berre skal vera ein som står for arrangementer og finn på nye, men også ein strukturert person som klarer å få folk med seg.

– Det er klart vi ønskjer ein dagleg leiar som er med på å skapa liv rundt seg, men det er også viktig at vedkommande har evna til å jobba strukturert og langsiktig for å få ting inn i gode system.

– Vi har laga ei smørbrødliste over både oppgåver og kompetanse vi ønskjer oss. Når søknadsfristen har gått ut, så vil styret setta seg ned umiddelbart og gå gjennom søknadane og ta ein prat med dei vi meiner er mest interessante, avsluttar Daniel Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.