Lokal | 12. feb. 2016

Mange vil jobba med flyktningar

Over 60 personar søkte på tre stillingar i flyktningetenesta. – Det er godt kvalifiserte folk som har søkt, seier Nils-Petter Borge.

Mange vil jobba med flyktningar
Kommunalsjef Nils-Petter Borge orienterte om arbeidet på flyktningeområdet (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 12. feb. 2016 10:00

Os kommune beslutta i desember at kommunen skal ta imot 170 nye flykningar dei kommande fire åra. For å klara dette styrka ein i samband med budsjetthandsaminga flyktningetenesta med fleire nye stillingar.

– Vi har fått veldig god respons på stillingane som er lyst ut. Det har kome over 60 søknader på dei tre stillingane.

– Det er veldig godt kvalifiserte folk som har søkt, noko som betyr at dette skal vi få til på ein veldig bra måte, fortale Nils-Petter Borge i tenesteutvalet onsdag.

Kva med busetting?

Borge fortalte at ein i tillegg til å rekruttera også jobba med ein busettingsstrategi.

– I høve busetting av flyktningane, er det tenkt noko på korleis dei skal busettast? Skal dei busettast spreidd eller i klynger? Vi må unngå ei form for gettofisering kor alle er samla på ein plass, kommenterte Emil Tetlie Brimsholm (H).

– Strategien vår er at vi skal prøve å spre folk. Godt integreringarbeid gjerast ikkje ved at ein klumpar det for mykje saman, svarte Borge.

Ser langs E39-aksen

Gisle Hesjedal (Ap) følgde opp Brimsholm.

– Eg støttar tanken om å unngå for mange konsentrert, men ein må ta omsyn til at dei som skal busettast har ein plikt til å følgje norskundervisning. Vi har mottaksklasse for born og unge på Søfteland. Det set vel nokre begrensingar på kor det er praktisk og hensiktsmessig å sjå på busettinga, meinte Hesjedal.

Borge var einig i Hesjedal si vurdering.

– Det vi har tenkt er aksen langs E39. Det er sjølvsagt moglegheiter andre stader også, men det må vera der bussforbindelsen er god. Skulle det dukke opp bustader eller buområder som er godt egna andre stader, så får vi vurdera det.

Kva med idealistane?

Jakob Enerhaug (KrF) lurte på om ein hadde vurdert å ta i bruk private initiativ.

– Eg har fått hint om at fleire private er villige til å stilla husvære og leilegheiter til disposisjon. Kva tenkjer de om å nytta desse idealistane?

– Vi må jo tenka over ei akse på fleire år. Vi auker talet på flyktningar vi tar i mot vesentleg både i år, til neste år og året etter. Alt kan vi ikkje gjera aleine. Det er fleire som har kontakta Os kommune. Vi prøver å snakka med alle.

– Det er klart at nokre ønskjer som har kontakta oss ønskjer å tene penger på dette. Vi må gjera ei vurdering av kva som er best. Målet er jo at flyktningane etter kvart skal klare seg sjølv i sin eigen bustad. Vi skal hjelpe dei med den første bustaden, svarte Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.