Lokal | 11. sep. 2017

Manglar du dette? Stem likevel!

Det einaste du treng er gyldig legitimasjon. Her er dei seks vallokala du kan velja mellom.

Manglar du dette? Stem likevel!
Finn du ikkje valkortet ditt? Ta med legitimasjon og stem likevel. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. sep. 2017 08:21

Om du ikkje er blant dei rekordmange 4.170 som har førehandsrøysta er det dagen i dag som gjeld.

• Les òg: 1.101 fleire førehandsrøyster

I dag kan du ikkje gå til rådhuset for å stemma, men du kan velja mellom seks andre vallokale.

Du kan gå i kva lokale du vil - og du treng ikkje å ta valkortet med deg!

På valkortet står det kva som er ditt røystelokale, og det er raskare å finna deg i manntalet om du møter opp her, men du kan stemma i det lokalet du ønskjer.

Men hugs gyldig legitimasjon! Dette kan vera pass, førarkort eller bankkort med bilde. Du kan òg nytta annan legitimasjon, men dette må ha bilde og fødselsdato.

Her er dei seks valkrinsane i Os sine røystelokale:
• Os ungdomsskule, kantina
• Lysekloster barneskule, foaje
• Søfteland barneskule, gymsalen
• Lunde barneskule, gymsalen
• Nore Neset akvitietshus, Symrasalen
• Os idrettshall
oskommune.no kan du sjå røystelokala merkte av i kart.

Røystelokala er opne frå klokka 10.00 - 21.00 i dag, måndag 11. september.

Få minutt etter at røystelokala er stengde kan du sjå resultat frå førehandsrøystinga i Os på Midtsiden.no.

• Les òg: Os kommune har redusert frå 10 til 6 valkrinsar

Sånn stemte innbyggarane i Os i 2013
Høyre 3.440 stemmer 33,6 % (+12,8)
Frp 2.206 stemmer 21,6 % (-10,7)
Ap 2.068 stemmer 20,2 % (-6,0)
KrF 680 stemmer 6,7 % (+0,8)
Venstre 572 stemmer 5,5 % (+1,3)
Sp 440 stemmer 4,3 % (-0,4)
SV 324 stemmer 3,2 % (-0,3)
MDG 304 stemmer 3,0 % (+2,5)
De kristne 54 stemmer 0,5 %
Rødt 52 stemmer
Piratpartiet 41 stemmer
Pensjonistpartiet 13 stemmer
Folkemakten 12 stemmer
Kystpartiet 12 stemmer
Demokratene 3 stemmer
NKP 2 stemmer
Blanke 59 stemmer

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.