Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)

Mann i 30-åra dømt for barneporno

Forklarte at han hadde søkt på «teens» for ikkje å finna for gamle damer.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ein mann frå Os var i Nordhordland tingrett tiltalt for brot på straffelov paragraf 204, «for å ha (...) vært i besittelse av fremstilling av seksuelle overgrep mot barn eller fremstilling som seksualiserer barn».

Tiltalte møtte i retten, erkjente forholdet, men innrømte ikkje straffeskyld.

– Prøvde å sletta filene

Tiltalte forklarte i retten at han med jamne mellomrom søkte på nettet etter porno, og at han ofte brukte søkeordet «teens» for å unngå å finna innhald med for gamle damer.

Han innrømte at han visste at dette kunne føra til treff på innhald med born, men sa at det var sjeldan, kanskje berre 6-7 gongar i løpet av fire år.

Tiltalte forklarte vidare at han alltid prøvde å sletta slikt innhald så fort han kunne, men at det av og til var nesten umogleg å fjerna, han fekk gjerne melding om at fila var i bruk av eit anna program. Han hadde derfor samla desse i ei mappe han kalla «new folder», for å halda filer som skulle slettast samla.

Han sa at han kan ha brukt bittorrent-teknologi, men at han aldri med vilje har spreidd desse filmane.

Avslørt av sambuaren

I februar 2015 oppdaga sambuaren hans tre mapper på pc-en med til saman 17 filmar. Den eine viste eit samleie mellom ein vaksen mann og ei jente i bleie-alderen, ein annan film viste ei tre-fire år gamal jente som hadde oralsex med ein vaksen mann.

Kvinna blei opprørt av innhaldet i filmane og hadde kkje problem med å sletta dei. Før ho sletta filene tok ho bilde av skjemen som viste film-filene.

Ho bestemte seg for å ta dette opp med sambuaren, men la òg inn eit anonymt innlegg om det ho hadde funne på eit internettforum. Politiet spora innlegget via ip-adressa og tok kontakt med kvinna.

Fann spor etter 29 filmar

Tiltalte blei pågripen i mars 2015.

Spesialetterforskaren frå politiet forklarte at det blei funne 29 bilde i hurtigminnet på maskina som kunne tilbakeførast til filmar som blir vurdert som ulovlege.

Han sa vidare at ved bruk at bittorrent-program kan slike filer vera umoglege å sletta mens deling pågår, men etter omstart på maskina skal du kunna sletta dei.

– Var klar over risikoen

Retten la tiltalte si forklaring til grunn, både det at han ikkje bevisst søkte på dette innhaldet, og at han prøvde å sletta det.

Den mildaste forma for forsett er «dolus eventualis». I dommen står det: Dolus eventualis foreligger når man er klar over at en handling muligens kan føre til at man begår et straffbart forhold, men likevel velger å ta risikoen og utfører handlingen.

På bakgrunn av forklaringa til tiltalte fann retten det bevist at han viste dolus eventualis.

Tiltalte er ikkje tidlegare straffedømt i liknande saker og forsvarar ba om samfunnsstraff, dersom tiltalte blei dømt. Han har ingen barn å forsørga, men omsorg for eit anna familiemedlem.

Men innhaldet var av så grov karakter at retten ikkje ville ta slike personlege omsyn. De blir opp til kriminalomsorgen å vurdera om domfelte kan sona med fotlenke.

Tiltalte blei dømt til 120 dagar fengsel der 60 dagar blei utsett med prøvetid på to år.

Han må òg ut med sakskostnadar på 2000 kroner og tola inndraging av pc.