(Arkivbilde, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Mann i 40-åra mistenkt for tjuveri

Stal kioskvarer og jobbtelefon frå Esso fredag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 12.47 laurdag var politiet på Esso-stasjonen i Os sentrum i samband med nokre tjuveri fredag.

– Ein mann var innom og stal nokre varer og ein mobiltelefon som høyrer til stasjonen, skriv politiet på Twitter.

Ut frå forklaring og overvakingsbilde på stasjonen kjenner politiet truleg identiteten, mistenkte er ein mann i 40-åra.

Politiet har førebels ikkje vore i kontakt med vedkomande.