Lokal | 14. feb. 2016

Mann i sjøen - kvinne mistenkt for båtpromille

Kvinna køyrde båten til land med ektemannen på slep.

Mann i sjøen - kvinne mistenkt for båtpromille
Arkivbilde. Episoden fann stad utanfor bryggene ved Irisgården i bakgrunnen. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. feb. 2016 02:14

Politiet rykte ut til Os hamn i vinterkulda laurdag kveld.

– Nokon hadde høyrd rop frå hamna, så vi rykte ut, fortel operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Brannvesenet rykte ut med tre redningsdykkarar og var raskt på staden.

Med mannen på slep

Meldinga kom klokka 23.41. Det viste seg at eit ektepar i båt hadde problem rett utanfor bryggene på austsida av hamna.

– Mannen hadde ramla i sjøen og blei hengande bak på båten. Kvinna klarte å manøvrera båten til land så mannen kom seg opp på brygga.

Mistenkt for promillekøyring

Begge to skal ifølgje politiet ha vore godt skjenkt.

Kvinna, som er i 40-åra, blei tatt med for blodprøvetaking og er mistenkt for promillekøyring.

– Ramla mannen frå brygga eller båten?

– Båten skal ha vore i drift då mannen ramla overbord, seier Geitle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.