Brannvesen og ambulansepersonell på plass på Lio. (Foto: Varde Film og Media)

Mann skadd på Liafjellet

Brannvesenet og ambulanse rykte ut for å hjelpa ein turgåar med skadd fot.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, desember 31, 2011 - 15:17

– Luftambulansen reiste til by'n igjen for å henta ei anna type båre, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Årets siste fjelltur enda med skadd fot for mannen som laurdag måtte reddast.

– Han var ikkje åleine på tur så han har folk hos seg no medan vi er på veg opp.

Mannen låg skadd ved Havretjørno.

Luftambulansen skal ha blitt opptatt med redningsoppdrag på Lyderhorn medan dei var i Bergen for å hente ny båre til redning i Os.

I mellomtida rydda brannvesenet ein liten landingsplass i nærleiken, og fekk den skadde med til denne plassen.

Helikopteret fekk éi meie nedpå, så båra som blei henta blei ikkje brukt ...

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11