Lokal | 24. mai 2018

Mann tatt for drapsforsøk

Stakk med kniv mot hovudet: Ein mann i 20-åra blei pågripen tysdag kveld for drapsforsøk på ein annan mann.

Mann tatt for drapsforsøk
Ein mann i 20-åra blir i dag framstilt for varetektsfengsling i Bergen Tingrett (ill.foto: KVB)
Andris Hamretorsdag 24. mai 2018 10:03

Tysdag kveld blei ein mann i slutten av 20-åra tatt av politiet, sikta for vald mot ei kvinne og drapsforsøk på ein mann skriv BT.no torsdag.

Mannen blir i dag framstilt for varetektsfengsling.

– Vi ser svært alvorleg på saka, og vi vil be om fengsling i fire veker grunna fare for at bevis kan gå tapt, seier politiadvokat Trond Eide i Vest politidistrikt til avisa.

Store kuttskader

Advokat Nils Christian Nordhus er bistandsadvokat for mannen som skal vera utsett for drapsforsøket.

– Han har store kuttskadar på begge nevane fordi han måtte ta tak i kniven for å hindra dødleg stikk mot hovudet, seier Nordhus, som fortel at angrepet skjedde heilt uprovosert, ifølgje klienten.

Hendinga skal ha skjedd natt til måndag. Dei tre involverte skal ifølgje politiadvokaten kjenna kvarandre frå før.

Slept fri, men blir sittande i varetekt

Oppdatert, torsdag ettermiddag: I følgje BA.no ville Bergen tingrett torsdag ettermiddag sleppa mannen laus fordi dommaren meiner det ikkje er fare for at bevis kan gå tapt.

Politiet har anka, og han blir sittande i varetekt til lagmannsretten har behandla fengslingsspørsmålet på nytt, tidligst fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.