Mann utan førarkort stoppa på Lepsøyvegen

Ein utanlandsk bilførar blei tatt av politiet tysdag kveld.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag i 20-tida blei ein bilførar stoppa på Lepsøyvegen.

– Vedkomande har ikkje gyldig førarkort. Han mista førarkortet for ei tid tilbake, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen, ein utlending i 30-åra, er meldt for forholdet.