Kultur | 09. jan. 2017

Marcus & Martinus tilbake til Os

Marcus og Martinus fylte grusplassen i sentrum med 5000 fans i sommar. No kjem dei tilbake til Os, ikkje på scenen, men på kinolerretet.

Marcus & Martinus tilbake til Os
Filmen «Marcus & Martinus - sammen om drømmen» kjem på bygdekinoen søndag 22. januar. Her under Osfest-konserten i sommar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 09. jan. 2017 08:55

Berre to dagar etter at filmen om tenåringsidola Marcus & Martinus har premiere den 20. januar, kjem den på bygdekinoen i Oseana søndag 22. januar.

Dei to, har som på Os, tatt Noreg med storm. I filmen «Marcus & Martinus - Sammen om drømmen» følger ein dei to idola frå karrieren for alvor skaut fart i starten av 2015 og heilt fram til og med konsertane i Oslo Spektrum hausten 2016.

Allereie no kan ein sikra seg billettar i resepsjonen på Oseana. Filmen varer i 1t 20min og er tilleten for alle.

Gatekatten Bob

I tillegg til filmen om Marcus & Martinus set bygdekinoen opp filmen «En gatekatt ved navn Bob» søndag 22. januar.

Denne filmen er basert på den sanne historia om gatekatten Bob, ei historie som også har gleda lesarar sidan boka kom ut i 2010. Berre i Noreg er bøkene selde i ufattelege 140 000 eksemplar!

Uteliggaren James Bowen lever eit hardt liv på gatene i London, og prøvar å bli kvitt rusavhengigheita si. Han tenar til livets opphald som gatesongar og familien har slått handa av han. Men ein dag møter han ein rødspragla katt som nektar å forlate han. Katten Bob skal vise seg å bli venen James treng for å kome på rett spor igjen. Ein liten sjarmerande følgesven som gjev James mot til å gjere livet betre for dei begge.

Filmen varer i 1t 42min og har aldersgrense 9 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.