Kultur | 20. apr. 2017

Marius og Daniel i Tunet

Kritikerroste Marius Neset og Daniel Herskedal med konsert i Tunet kyrkje- og kultursenter.

Marius og Daniel i Tunet
Marius Neset og Daniel Herskedal speler i Tunet kyrkje- og kultursenter søndag klokka 18 (pressefoto)
Andris Hamretorsdag 20. apr. 2017 08:11

Påskeaften spelte Marius Neset saman med søster Ingrid og mor Anne Leni for bebuarane på Luranetunet. Søndag tek han med seg kollega Daniel Herskedal til konsert i storsalen på Tunet kyrkje- og kultursenter.

– Neset og Herskedal er to begava og formidable musikarar som dei siste åra har turnert verda over med sin særeigne musikk. Internasjonale anmeldelsar er overstrømmande og beskriv musikken som tenksom og melankolsk, av og til humoristisk og leikande, men alltid lyrisk og berørande, seier Knut Vidar Garlid i ei pressemelding.

Gav ut album saman

Då Marius Neset og Daniel Herskedal gav ut sitt første, og førebels einaste, album i lag hausta dei umiddelbart spelemannsnominasjon og rosande omtale frå kritikarane for albumet «Neck of the Woods».

– Etter det har dei hatt ein enorm internasjonal suksess, seier Garlid.

Marius Neset fekk sitt store gjennombrot med albumet «Golden Xplosion» i 2011, som av The Guardian blei kåra til årets beste jazzplate. Etter det har han gjeve ut fem CDar i eige namn, hausta ei enorm mengde toppanmeldelsar i dei største avisene i Europa, vunne spelemannspris, vore nominert til Nordisk Råds Musikkpris, tunert verda over og skreve nyttårskonsert for Kølner Philmharmonie i Køln. Han har òg blitt belønna frå Statens Kunstfond for sitt arbeid og plate med London Sinfonietta for eitt av årets beste album.

Daniel Herskedal fekk sitt internasjonale gjennombrot som soloartist med albumet «Slow Eastbound Train» i 2015. Han har med denne musikken turnert i Europa og Asia til strålande kritikker. Jazzman anmeldte konserten hans på London Jazzfestival i 2015 som «A genuine triumph and a definite festival highlight». I tillegg til sitt soloprosjekt og duoen med Marius Neset, har Herskedal også fronta ei rekkje andre prosjekt og kan visa til eit titals albumsutgivelser. Han har òg skreve ei rekkje bestillingsverk, blant anna for Trondheim Jazzorkester (Moldejazz 2010), Moskvapatriarkatets mannskor (Olavfestdagene 2012) og BBC Consert Orchestra (London Jazzfestival 2016).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.