Vêrutsiktene tydar på godt marsjvêr når Ulvemarsjen blir arrangert til helga. Her frå marsjen i 2015 (foto: Andris Hamre)

Marsj-nøtter for 30. gang

Til helga går Ulvenmarsjen igjen av stabelen. I år er det 30. gang du får brynt deg på ulike kunnskapsoppgåver langs løypa.

image
Av: Andris Hamre

Den 14 kilometer lange Ulvenmarsjen (sjå traseen i bilete over) blir laurdag og søndag arrangert for 39. gang.

– Vi har faktisk seks deltakarar som har gått alle dei 38 foregåande åra. I tillegg er det nokre som har gått 38 ganger, men dei har gjerne henta seg inn att med å gå både laurdag og søndag eitt år, fortel primus motor Erling Andersen.

30 år med spørsmål

I 1988 kom det to nyvinningar til den etterkvart så tradisjonsrike marsjen.

– Det var året vi innførte konkurranseklasse i kappgang. Den har vi i år vald å kutta ut då interessa dei siste åra har vore heller laber.

– Det var òg året vi innførte kunnskapskonkurranse langs løypa, og den held vi sjølvsagt fram med, for 30. året på rad.

Sto med mobil og ringte heim

Andersen fortel at sjølv om dei har held på med dei seks postane (ulike for kvar dag, sjølvsagt) i 30 år, så har også desse utvikla seg.

– Då mobiltelefon blei allemannseige såg vi at folk var kjappe med å ta opp telefonen og ringa heim for å få hjelp til å slå opp svar på spørsmåla. Etterkvart som smart-telefonane kom såg vi at folk søkte direkte på nettet ute på postane.

– Jarl Aspaker som dei siste åra har vore sjef for spørsmåla legg sin flid i å finna oppgåver som ikkje så lett lar seg googla, men likevel er det alltid nokre som klarer å få alle seks svara rett, seier Andersen.

Godt marsjvêr

Vêrutsiktene for helga er gode for marsjen med 6-8 grader og lettskya.

– Det er perfekt marsjvêr, ikkje for varmt og ikkje for kaldt. Er det drittvêr så er det mange som ikkje orkar gå, er det strålande sol og varmt, så er det mange som heller vil kosa seg i hagen eller gjera andre ting, så det vêret som er meldt til helga er fint marsjvêr. Vi håpar vi igjen skal klara å nå den magiske 500 grensa, seier Andersen. 

Må legga løypa litt om

I fjor deltok 447 i løpet av dei to dagane. 

– Vi er i rute både med frivillige til alle oppgåver og premiane skal vera på veg frå Kina. Det einaste som må gjerast no er at vi må skilta litt ekstra oppe ved Amfi. Der må vi i år legga løypa via undergangen ved senteret, opp til plantasjen og via undergangen ved Meny på grunn av gravearbeidet langs Byvegen, avsluttar Andersen.

Fakta om Ulvemarsjen

Start og mål: Os ungdomsskule
Lengde: 14 km frå ungdomsskulen via Ulvenskiftet, Ulven, Skeie og Moberg til ungdomsskulen
Start: Laurdag frå klokka 14, søndag frå klokka 10.
Første gang arrangert: I 1974 av dåverande Moberg IL, kun med konkurranseklasse
I perioden 1979-1987 gjekk løypa motsatt veg av kva den gjer i dag.
Rekordår: 1982 med 1220 deltakarar
Permieringar: 8 deltakarar har gått minst 35 år på rad, 6 deltakarar har gått alle 38 åra