Lokal | 17. mars 2018

Marstein fyr i fritt svev

I helga er det meldt sol og gode forhold for luftspeglingar, til veka kjem plussgradar og regn.

Marstein fyr i fritt svev
I kvar sin ende av Korsfjorden: Marstein fyr sett frå Drange. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. mars 2018 08:51

Det stabile, kalde og tørre vintervêret held fram gjennom helga, kanskje til og med tysdag kveld.

Yr og Storm har ulike meldingar for resten av veka.

Storm melder 1-4 varmegradar og nedbør i Os frå tysdag kveld til og med laurdag formiddag, som snø eller sludd om nettene, som regn på dagtid.

Yr melder 3-6 gradar og lettskya onsdag og overskya, men opphaldsvêr resten av veka.

• Sjå detaljert vêrmelding for Os på Pent.no

Torsdag var vi på Korsfjorden og tok dette bildet av Marstein fyr, om både ser ut som om det er nærmare enn det er, og som ser ut til å sveva over vasskorpa.

Dette er ikkje ein illusjon, men eit fenomen kalla luftspegling eller hildring. Når lys flyttar seg frå kald luft til varm luft blir det bøygd av.

Om luftspegling på Wikipedia.

Marstein fyr, som har vore i drift sidan 1887 og bemanna fram til 2002, er framleis i drift, men ubemanna og fungerer som turistattraksjon og overnattingsplass med 22 sengeplassar.

I dag er det Panorama Hotell & Resort som administrerer overnatting på Marstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.