Kultur | 24. mars 2015

Massiv Messias i kyrkja

Det blir stort når 75 songarar framførar Händels «Messias» i Os kyrkje onsdag.

Massiv Messias i kyrkja
Kora samla på øving på Os skule (privat foto)
Andris Hamretirsdag 24. mars 2015 08:07

Onsdag klokka 19.30 blir det ei stor koroppleving når Händels «Messias» blir framført i Os kyrkje for første gong på 27 år.

– Heile 75 songarar deltek.

– Koret er samansatt av Os kammerkor, medlemmar frå Os kyrkjekor, Kyriaké, Os Mannskor, Fana kyrkjekor og frilansarar, fortel kantor i Os kykje, Andrew Holman.

Første gong sidan 1988

Musikken er det Fana kammerorkester som står for.

– Siste gong vi høyrde Messias i Os kyrkja var i 1988, då også eit samarbeidsprosjekt med Fana kyrkje.

– Solistar frå Fana tar dei fleste soloane i tillegg til å vera med i koret.

Solistane er Ragnhild Bergflødt, Catrine Snipsøyr, Thea Berge, Stian Økland, Arne Nakling og Thomas Waaler Røshol. Gjestesolist er Harald Bjørkøy, professor ved Greigakademiet.

Konfirmantar solistar

I tillegg er fire av årets konfirmantar også solister.

– Dette viser at Messias også er for ungdommen.

– Händel skreiv oratorioet Messias på tre veker i 1741. Tema for Messias er Gud sin plan om frelse for heile folket gjennom Messias.

– Verket er i tre delar. Første delen tar for seg profetien frå det gamle testamentet om Jesu fødsel. Andre delen handlar om Kristi liding, død og oppstode. Tredje delen handlar om sigeren over døden, forklarar Holman.

Kantor frå Fana kyrkje, Jan Røshol dirigerar konserten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.