Kokkelaget i grønnsakshagen på Haaheim Gaard (privat foto, Daniel Skotheim)

Matauk på Haaheim

Onsdag var kokkelaget som skal sy saman Det Store Bjørnafjordenmåltidet samla på Haaheim Gaard. – Det blir tidenes matopplevelse i vår region, seier Daniel Skotheim.

image
Av: Andris Hamre

Det Store Bjørnafjordenmåltidet spring ut frå Bjørnafjorden Matkultur, som nyleg blei del av referansegruppa til Matbyen Bergen og med det del av eit internasjonalt UNESCO-nettverk for kreative byer.

Alle frå Bjørnafjorden

Onsdag var kokkelaget med Gunnar Nagell Dahl (Sjefskokk), Torstein Hatlevik (Haaheim Gaard), Tina Bøe Buer (Bøkampen Utegangerlam), Silja Døsen Moberg (Osøyro Kolonial), Frank Vasby Bruarøy (Havnechefen), Siw Bugge Gjerdevik Kolstad (Mat frå Hjertet), Iselin Marie Borge (Bjørnefjorden Gjestetun), Kenneth Evensen (Solstrand) og Eirik Grimstad (Solstrand) samla til planlegging og litt matauk på Haaheim Gaard.

– I tillegg skulle kokkane på Oseana, Camilla Nesheim (Kokkelinja på Fusa VGS), Robert Storum (Skjelbreid-Poirée) og Bente Getz (Osteriet i Samnanger) vore med, men dei var diverre forhindra.

– Heile kokklaget, og servitørlaget jobbar eller bur i Bjørnafjorden-området og alle dei fire kommunane som Bjørnafjorden Matkultur er i (Os, Fusa, Samnanger og Tysnes, journ.mrk) er representert. Det fantastiske er at dei stiller opp på dugnad, utan betaling, for å vera med å løfte fram dei gode råvarene vi har i regionen, seier Daniel Skotheim, styreleiar i Bjørnafjorden Matkultur.

Råvarene er bestilt

Skotheim fortel at kokkelaget har satt saman ein spennande meny på minst sju retter.

– Alle råvarene kjem frå Bjørnafjorden-regionen. Dei fleste råvarene er bestilt og menyen er satt, men menyen er sjølvsagt avhengig av det som leveres dagene før 7. oktober, som er datoen for Det Store Bjørnafjordenmåltidet. Ta til dømes sjøkreps, som vi har bestilt. Om fiskaren frå Samnanger ikkje har fangst dei siste dagene, så må kokkane kaste seg rundt og finna på noko. Den utfordringa tek dei og vi kan uansett garantere ein matopplevelse av dei sjeldne.

– Måltidet blir på Oseana og det er også via dei ein kan få kjøpt billettar. Halvparten er allereie seld, avsluttar Skotheim.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.