Fotball | 28. mai 2015

Matchvinnar Moldskred

Osingen Mats Cato har skåra 8 mål på sesongens 7 første kampar med Kongsvinger.

Matchvinnar Moldskred
Mats Cato Moldskred gjer god figur i Kongsvinger for tida. (Foto: KIL Fotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. mai 2015 20:38

På tampen av sommarferien i fjor gjekk Mats Cato Moldskred frå Os i 3. divisjon til Kongsvinger i håp om å hjelpa til med opprykk til OBOS-ligaen.

Kongsvinger blei verande i 2. divisjon, men har fått ein svært god start på sesongen.

– Vi var ikkje gode nok i fjor, men no er vi det. Stallen er styrka og dei to portugisarane som trener oss har ein litt spesiell stil, men den fungerer, seier Mats Cato.

God i NM - suveren i serien

KIL står med siger i 6 av dei 6 første seriekampane (med 17-2 i målforskjell) og toppar tabellen med 7 poeng bak til andreplassen.

Dei har også vunne dei to første rundane i NM. Neste helg tar dei imot Tippeligalaget Sandefjord til ny cupkamp.

Osing i storform

Mats Cato har skåra 5 mål i serien og 3 i NM.

– Eg speler spiss no, og det har gått bra både med meg og med resten av laget, seier Moldskred.

Han har spelt frå start i 7 kampar og allereie skåra 8 mål, ingen av dei på frispark eller straffe.

I første NM-runde skåra han to mål og blei matchvinnar (KIL vann 3-1). Les meir og sjå video på glomdalen.no.

– Det er god stemning i Kongsvinger, både på banen og tribunen, med godt publikum og mange som bryr seg, seier osingen, som jobbar frivillig som hospitant på ein brannstasjon og held på å ta lastebilsertifikat ved sidan av livet på banen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.