Næringsliv | 09. feb. 2017

Matnyttig gründerpark

Interessa og oppmøtet var stort då Bjørnefjorden Gründerpark offisielt opna torsdag morgon.

Matnyttig gründerpark
Gründer Silja Døsen Moberg i Osøyro Kolonial serverte snitter av kortreiste produkter under opninga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 09. feb. 2017 10:24

I samband med budsjetthandsaminga i desember vedtok kommunestyret å etablera Bjørnefjorden Gründerpark, torsdag opna den.

– Det er jo nettopp det som er ei viktig rolle for oss som kommune, å kunne legga tilrette for nyskaping og nye arbeidsplassar.

– Håpet er jo at nokre av ideeane som kjem herfrå, til dømes innan det grøne skiftet, er så gode, og blir så store, at at dei kan etablera seg i Lyseparken for produksjon og kan få nasjonal verknad, seier ordførar Marie Bruarøy (H).

– Vi må tørre å tenkje stort. Ikkje berre på vegne av gründerar i Os, men i heile regionen. Denne parken skal vera for gründarar får heile Bjørnefjordsregionen, og Bergen òg for den saks skuld.

Anders Haugland, dagleg leiar i Bergen Teknologioverføring (BTO), støttar ordføraren.

– Det kan vera mange gode grunnar til at tilsette i selskap som held til i Bergen, skal vera på Os. Det kan vera så enkelt som at dei bur på Os og er her i staden for på heimekontor eller at dei skal møte kundar som held til på Os og nyttar seg av møtekontor her. Vi i BTO ser veldig fram til å jobba vidare saman med gründerparken.

7-8 aktørar på veg inn

Til den offisielle opninga var både representantar frå Innovasjon Norge, Forskningsråd, Nav, næringsråd, kommunen og, ikkje minst, aktuelle brukarar av gründerparken til stades.

– Vi er vel om lag 50 personar her no. Ekstra kjekt er det å oppleve den responsen det har vore frå gründarar som har lyst å komma inn her. I dag har vi to signerte avtaler, men vi har ein sju - åtte aktørar som kan vera på veg inn.

– Det er eit breitt spekter, frå Lean Conseptutvikling, som utviklar app for byggjebransjen, og Green Omega, som utviklar og sel omega-3 fettsyren DHA til eit selskap som driv økonomisk rådgjeving ved skilsmisser og samlivsbrot, konsulentar innan ulike bransjer og ei som vil jobba med korleis ein betre kan integrera kvinner med innvandrarbakgrunn i næringslivet, fortel næringssjef Daniel Skotheim.

Gründerparken held ope heile torsdagen for dei som vil stikka innom for å helsa på og høyra meir om kva moglegheiter parken har å by på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.