Sport | 07. des. 2017

Matos klar for Lysekloster

Har jakta han sidan i sommar.

Matos klar for Lysekloster
Andre Matos har signert for Lysekloster (foto: Lysekloster IL)
Andris Hamretorsdag 07. des. 2017 19:44

Tysdag blei Mats Walberg klar for Lysekloster. I dag blei laget forsterka ytterlegare, då André Matos signerte for munkane.

Matos har tidlegare spelt for Juventude de Evora, Portimonense, Øystese og Fana.

– Vi har hatt Matos i kikkerten ei stund. Han var ein spelar vi prøvde å få inn under overgangsvindauget i sommar, men då lukkast vi ikkje, fortel Svein Kollen, sportsleg leiar i Lysekloster.

– Eg er veldig nøgd med at vi har fått han på plass. Han passar perfekt inn i vår spelestil, seier Kollen om den 21 år gamle portugisaren.

André Matos speler forsvar/midtbane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.