Sport | 29. sep. 2015

– Mats Cato har imponert meg

Laurdag, fire rundar før slutt, kunne Kongsvinger sleppa opprykksjubelen laus. Trenar Luis B. Pimenta er ekstra nøgd med toppskåraren frå Os.

– Mats Cato har imponert meg
Det var full fest i Kongsvinger då dei laurdag sikra comeback i OBOS-ligaen (1. divisjon). (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. sep. 2015 13:01

Med 4-0 over Nardo laurdag var Kongsvinger, før dei fire siste rundane står igjen, allereie klare for OBOS-ligaen 2016.

Om Nardo hadde vunne ville dei lagt på delt 2. plass på tabellen for Oddsen-ligaen avdeling 4 med 37 poeng. Kongsvinger tronar suverent på topp med 55 poeng.

– Mats Cato Moldskred skåra sitt 15. mål då han sette inn 2-0 før pause. Moldskred er toppskårar med 15 seriemål, 4 mål i cupen og 6 assist, fortel hovudtrenaren, portugisiske Luis Berkemeier Pimenta.

Ny spelestil

Luis Berkemeier Pimenta og Goncalo Miguel Machadinho da Silva Pereira var nytt trenarteam som kom inn på hausten i fjor. Dei innførte ein ny spelestil med suksess.

– Vi speler 4-4-2 utan kantar, med ein diamant på midten. Fokuset er offensivt og med høgt press når vi ikkje har ballen.

– Gutane har jobba hardt for å tilpassa seg denne stilen, både i oppkøyringa i vinter og i kamp då serien var i gang.

– For erfarne spelarar som Mats Cato skulle ein tru det var utfordrande å koma inn i ein ny stil, man han har forstått det godt og ser ut til å trivast veldig godt i ny rolle, frå kant til spiss. Han spring mykje for å finna rom, er svært rask og framstår som veldig sjølvsikker framfor mål. Han har tru på seg sjølv og vi har tru på han, derfor har han òg fått mykje tillit.

– Moldskred er den spelaren som har flest speleminutt denne sesongen, med over 2000 minutt, seier Pimenta.

– Og no skal de bruka dei siste rundane på å visa at de høyrer heime i OBOS-ligaen?

– Vi har for lengst starta oppkøyringa til 2016 og stiller sliten til kvar kamp. Likevel vann vi 4-0 i førre runde. Vi går for siger i dei siste, men har for lengst vist at vi høyrer heime i OBOS-ligaen, blant anna ved å slå Follo frå 2. plass i OBOS ut av cupen og då vi spelte 3-3 og tapte på straffekonk for Sandefjord. Dette var i vår, no er vi endå betre.

Blei slept med traktor på fest

Mats Cato fortel om stor stemning i Kongsvinger gjennom opprykkssesongen.

– Det var nesten 2000 på tribunen laurdag. Etter at opprykket var i boks var det middag i klubbhuset og så blei vi stilt opp i ein hengar og slept av traktor inn til by'n, der det sto fleire hundre og hylla oss på veg til fest, fortel Mats Cato.

– Ny spelestil og ny rolle, du saknar ikkje det å vera kant når du no er toppskårar?

– Nei, det gjer eg ikkje. Eg var spiss i ungdomen, blant anna som junior på Fana. Det er greit å spela kant, men eg merka no at eg har sakna å spela spiss.

– Eg har kanskje tapt på å ikkje bli brukt som spiss tidlegare, seier Mats Cato.

Osingen har kontrakt ut sesongen og er no i forhandlingar om ny periode.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.